Målskårar Brastad nr 2 frå høgre. (Foto: Asbjørn Vik)
Oppvarming på Øran.
Vestnes Varfjell leverte årsbeste før pause og vann sjansestatistikken klart. Likevel måtte laget gå av bana med tap 1-3 i lokaloppgjeret mot Åndalsnes på Øran fredag. Thomas André Brastad gav Vestnes Varfjell 1-0 på ei flott heading, men vertane utlikna til pause. Vestnes Varfjell heldt fram med å spolere sjansar i andre omgang, men var ikkje like effektive som ÅIF som skåra på sine få tilbod.

 

 

Vestnes Varfjell gjekk rett i angrep i motvinden på Øran. 

Varfjell-TV 

{seyretpic id=898 align=center} 
{seyretpic id=899 align=center} 
{seyretpic id=900 align=center} 
{seyretpic id=896 align=center} 
{seyretpic id=897 align=center} 
 
 
Berre minuttet var spelt då Nirut Mjøs spelte fram Tommy Kanishi Andreassen som avslutta med skot over. Same mann var på farta ti minutt etterpå, denne gongen gjekk avslutninga rett på keeper. Like etterpå hadde vertane sin første sjanse, men skotet gjekk utanfor.

 

Vestnes Varfjell fekk etter kvart fart på pasningsspeltet langs bakken og spelte vertane trill rundt til tider i det som var årsbeste dei første 30 minutta. Laget fekk fortent uttelling etter 17 minutt då Thomas André Brastad heada knallhardt i mål etter eit frispark-innlegg frå Elling Olafsen. To minutt etterpå la Olafsen inn igjen, denne gongen var det Nirut Mjøs som fekk avslutta med hauet, keeper Torkil Høgset hindra 2-0 med ei feberredning. Høgset hindra Kanishi Andreassen då han kom aleine ikkje lenge etterpå. Ei redning på strek noterte vi også i denne perioden.

 

I staden for auka leiing utlikna Åndalsnes. Ole Aleksander Eidsvold fekk ballen i retur og smelte den like godt opp i krysset. Dermed gjekk laga til pause med 1-1 etter ein omgang der Vestnes Varfjell var klart best.

 

Andre omgang starta med at ÅIF-målvakta slengte seg og redda det velplaserte skotet frå Vegard Ellingseter, før Tommy Kanishi Andreassen skaute i stolpen og ut frå skrått hald.

 

Vestnes Varfjell greide ikkje å halde oppe same trykket som i første omgang, og vertane var meir med på notane etter pause. Dei avslutta eit frispark via stolpen og over og meinte seg også snytt for eit straffespark etter 20 minutt. I neste angrep hadde Nirut Mjøs ein kjempesjanse for Vestnes Varfjell, men ballen gjekk utanfor.

 

ÅIF forsøkte å tre ballen bak Vestnes Varfjell-forsvaret og lukkast på andre forsøk. Ruben Rostille sprang frå Varfjell-forsvaret og ordna 2-1 til heimelaget. Same mann fekk gå opp aleine og heade inn 3-1 på bakre stolpe etter ein corner like etter.

 

Dei siste 20 minutta pressa Vestnes Varfjell på for å få med seg poeng, men ÅIF tetta godt att. Tommy Kanishi Andreassen kom nære på eit frispark, men heller ikkje på returen vart det mål då Ronny Leikarnes fekk avslutta. I siste minutt avslutta Kanishi igjen rett på keeper, medan returen typisk nok gjekk utanfor.

 

Dermed vart det eit surt tap i ein kamp der seier absolutt burde ha vore innan rekkevidde. Det må terpast avslutningar før neste kamp som er mot Rival på Vestnes fredag. Med spel som i første del av kampen mot ÅIF kan det bli poeng mot mange lag i 3. divisjon. Best denne kvelden synest med Tommy Kanishi Andreassen og Vegard Ellingseter var. 

 


ÅIF om kampen
Åndalsnes Avis om kampen

Åndalsnes - Vestnes Varfjell 3-1

Seriekamp 3. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 8. mai 2009 kl 19

Øran stadion kunstgras

Tilskuarar: ca 80

Mål:

0-1 (17) Thomas Andre Brastad
1-1 (27) Ole Aleksander Eidsvold
2-1 (70) Ruben Rostille
3-1 (71) Ruben Rostille

Dommar: Geir Nordby, Ravn

Ingen kort

Laget: Mundal, Brennvik, Tangen, Solevågseide, Brastad - Stokkeland, Connor (Gravdehaug 67), Ellingseter (Gregersen 83) - Olafsen (Leikarnes 56), Mjøs, Kanishi.