Stor sjanse ved Alexander Connor (Foto: Kai Magne Stokkeland)
Connor skyt over
For andre kamp var Vestnes Varfjell best i ein omgang. Men igjen vart det tap i ein kamp der laget hadde fortent å ta poeng. Rival vann til slutt 3-2 i Vestnes idrettspark etter at Øystein Sletvold avgjorde på eit langskot ti minutt før slutt. Nirut Mjøs og Simen Brennvik skåra for heimelaget. Videoar i Varfjell-TV | Bildegalleri

 

 

 

Vestnes Varfjell starta kampen best. Nirut Mjøs hadde den første store sjansen. Tommy Kanishi Andreassen missa aleine med keeper, medan

Varfjell-TV   
{seyretpic id=915 align=center}  {seyretpic id=916 align=center} 
{seyretpic id=917 align=center}  {seyretpic id=918 align=center} 
{seyretpic id=919 align=center}  {seyretpic id=920 align=center} 
{seyretpic id=921 align=center}  {seyretpic id=922 align=center} 
{seyretpic id=923 align=center}   

Alexander Connor bomma for ope mål. Uttellinga kom endeleg sju minutt før pause då Nirut Mjøs sneik seg inn ved første stolpe og sette innlegget frå Tommy Kanishi Andreassen i  mål. Heimelaget hadde fortent å leie meir enn 1-0 ved halv tid. 

 

Gjestane frå Molde skapte ikkje noko før pause, men etter kvilen var dei snare med å utnytte feil i heimelagets forsvar. Først utlikna Espen Rødseth til 1-1 før Truls Jacobsen sendte gjestane i leiinga frå straffemerket. Alt dette skjedde i løpet av tre minutt.

 

Vestnes Varfjell kom tilbake utover i omgangen og Simen Brennvik gav nytt håp om heimepoeng då han utlikna til 2-2 etter eit flott raid og skot frå skrått hald. Men heller ikkje dette skulle vere Vestnes Varfjels dag, for ti minutt før full tid fekk Rivals spelande trenar Øystein Sletvold kjempetreff etter at han snappa opp ballen frå ein Vestnes Varfjell-spelar. Med eit skot frå 20 meter avgjorde han kampen. 

 

Ronny Leikarnes hadde ein stor sjanse til å utlikne på slutten, men det ville seg ikkje.

 

Tommy Kanishi Andreassen vart kåra til banas bestemann av juryen.

 

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Rival 2-3 (1-0)
3. divisjon

Fredag 15. mai 2009 kl 19

Vestnes idrettspark, 100 tilskuarar

Mål:

1-0 (36) Nirut Mjøs

1-1 (52) Espen Rødseth

1-2 (55) Truls Nordstrand Jacobsen str.

2-2 (74) Simen Brennvik

2-3 (81) Øystein Sletvold.

Dommar: Hans Georg Snekvik, Bøfjord

Gult kort: Simen Brennvik, Vestnes Varfjell

 

Vestnes Varfjell: Arild Mundal - Simen Brennvik, Yngve Solevågseide, Ørjan Tangen, Thomas Brastad - Karl Stokkeland, Alexander Connor, Vegard Ellingseter (Ronny Leikarnes 58.), Tommy Kanishi - Nirut Mjøs, Elling Olafsen (Jørgen Gravdehaug67.)

 

Kampen slik den vart dekt via vår liveteneste:

20 min: 0-0. Heimelaget med eit lite overtak. Nirut Mjøs har hatt ein stor sjanse.

30 min: Framleis 0-0. Dårleg tempo i kampen. 

35 min: Stor sjanse til heimelaget. Tommy Kanishi Andreassen aleine med keeper.

37 min: Ny stor sjanse. Alexander Connor over for ope mål. 

38 min: 1-0. Endeleg sat ballen i mål! Nirut Mjøs skåra etter innlegg frå Kanishi. 

Pause: Rival har hatt to mindre sjansar. Ingen stor kamp av laga, men heimelaget viste gode tendensar i siste halvdel av omgangen.

50 min: 1-1. Rival utliknar like etter pause.

55 min: 1-2. Rival skårer på straffespark og har snudd kampen. Begge måla har komme etter forsvarsfeil.

60 min: Rival har tatt over. Vestnes Varfjell-målvakt Arild Mundal med god redning. 

73 min: 2-2. Simen Brennvik utliknar. Ronny Leikarnes har komme innpå.

75 min:  Rival med stor sjanse

82 min: 2-3. Gjestane tar leiinga igjen.

83 min: Ronny Leikarnes har sjansen til å utlikne, men missar aleine med keeper.

85 min: Juryen har kåra Tommy Kanishi Andreassen til heimelagets beste. 

90 min: Slutt. Rival har slått Vestnes Varfjell 3-2.