Alexander Connor
Alex Connor
Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor er glad for at klubben har sikra seg nye spelarar i Frank Nakken frå Fiksdal/Rekdal og Thomas André Brastad frå Tomrefjord. - Vi er alltid på jakt etter gode spelarar, seier Connor til Bygdebladet.

Han har mange spelarar å velge blant i forsøket på å rykke oppatt i 3. divisjon på første forsøk. På første trening etter nyttår var det 33 mann som møtte til økta i Vestnes idrettspark.

- Vi satsar heilt klart på å rykke opp i 3. divisjon på nytt, men det blir ikkje lett, seier Connor til avisa.

I løpet av januar håper han å ha på plass resten av støtteapparatet rundt A-laget og 2.laget/juniorlaget.

Han ser positivt på at det også i år blir fire seniorlag i Vestnes.

- Vi vil få interessante lokaloppgjer og truleg også god rekruttering, seier Connor.