Yngve Solevågseide
Yngve Solevågseide
A-lagskaptein Yngve Solevågseide og Audun M. Leikarnes skal spele for Vestnes Varfjell også i 2008-sesongen. Dei to var ønska av høvesvis Brattvåg og Måndalen. To førsteårsjuniorar har likevel meldt overgang til Måndalen. Det er Vikebukt-duoen Vegar Skare og Sindre Balstad.

Av desse er det berre Solevågseide som har A-kampar for Vestnes Varfjell. Han vart kontakta av Bråttvåg alt før jul, men var tidleg bestemt på å halde fram karriera i Vestnes Varfjell.

Audun Leikarnes var ein av dei viktigaste spelarane på Vestnes Varfjell 2 i 5. divisjon i fjor, med potensial til å kjempe om ein plass på A-laget i år. Vegar Skare spelte to kampar i 5. divisjon i fjor.

Måndalen har varsla ei sterkare satsing på andrelaget sitt, som berre hadde Meek bak seg på tabellen for 5. divisjon i fjor.