{seyretpic id=442 align=center} |
- Vi var best i første omgang og ÅIF var best i andre. Vi skape omtrent ingenting i andre omgang. Og det er både skuffande og overraskande, da vi vanlegvis spelar best etter pause. Sjølv om vi manglar 1-2 spelarar burde vi ha spelt mykje betre enn vi gjorde. Nok ein gang var det presisjon i passningsspelet som var for dårleg. Dette gjorde at ÅIF fekk mange kontringar mot oss, som dei utnytta godt. Og dei vant heilt fortjent, oppsummerer spelande trenar Alexander Connor.
Geir Arne Fedje (2), Robin Gjerde og Erlend Siem skåra for ÅIF, som siglar opp som ein av dei store favorittane i 4. divisjon. Her er deira rapport frå kampen >> Dette er andre gong Vestnes Varfjell taper 2-4 mot divisjonskollegaen fra Rauma denne vinteren. Klikk på bildet for å sjå videoar.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Åndalsnes 2-4 (2-1)
Treningskamp
Vestnes idrettspark, torsdag 27. mars 2008 kl 19.30
20 tilskodarar
Mål:
0-1 9 min
1-1 (str) 11 min Frank Nakken
2-1 25 min Jørgen Gravdehaug
2-2 57 min
2-3 60 min
2-4 75 min
Dommar: Atle Oterhals, MFK
Assistentar: Johnny Svendsli, VVIL og Lundgren, TIL
Ingen gule kort i til Varfjell
Laget: Marius Sivertsen (Svale Leren 45. min) - Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Per Kristian Os Nakken, Martin Lange Sylte, (Elling Olafsen 45 min) - Ronny Leikarnes, Jørgen Gravdehaug, Yngve Solevågseide, Vegard Ellingseter, Tommy Kanishi Andreassen - Frank Nakken.