Jakob Talberg
Jakob Talberg
Vestnes Varfjell spelte laurdag 2-2 i ein treningskamp mot Langevåg på bortebane. Alexander Connor og Jakob Talberg skåra måla for Vestnes Varfjell. - Etter ein dårleg start, spelte me oss kraftig opp frå rundt 20 minutt og utover. Resten av kampen var  årsbeste, seier trenar Connor. 3.-divisjonslaget frå Sunnmøre har ikkje tapt på sju kampar i vinter. 2-2 var også stillinga ved pause.

- Det var gode prestasjonar frå heile laget. Langevåg pressa oss bakpå i starten, men så viste me at me kan når viljen er til stades. Me leverte mykje bra spel resten av kampen. Det lovar bra for fortsetjinga, seier Connor til varfjell.no.

Connor skåra sjølv det første målet, Jakob Talberg det andre som var utlikning til 2-2. Begge måla vart kjempa inn etter litt fram og tilbake føre heimelaget sitt mål.

Han har ein breiare stall i år enn i fjor og har fleire spelarar i bakhand som ikkje var med laurdag. Ørjan Tangen måtte ut med skade, men denne er truleg ikkje verre enn at han er tilbake i trening over helga. 

Då laga møttes på same tidspunkt i fjor vann Vestnes Varfjell 4-3 på Vestnes. Langevåg har styrka stallen kraftig sidan då og er av mange tippa ein plass på øvre halvdel av  tabellen for 3. divisjon på Sunnmøre etter  5 seierar og to uavgjorte i treningskampane i vinter. Dette var deira siste test før dei skal ut i NM-kvalik.

Langevåg om kampen>>

Neste og siste treningskamp for A-laget er borte mot Stranda fredag komande onsdag.

Kampfakta:
Langevåg - Vestnes Varfjell 2-2
Pause: 2-2
Langevåg kunstgras, 30 tilskuarar
Mål:
1-0 (10) Kristian Moldvær
1-1 (15) Alexander Connor
2-1 (25) Vegard Fiskarstrand
2-2 (35) Jakob Talberg
Dommar: Sigurd Smestad, Valder
Gult kort: Tor Arne Kroken og Bertil Salen, Langvåg, ingen til VV

Laget: Marius Sivertsen; Martin Lange Sylte, Bjørn-Vegard Løvik, Per Kristian Os Nakken, Ørjan Tangen (Simen Brennvik 35) - Jakob Talberg (Elling Olafsen 65), Jørgen Gravdehaug (Vegard Ellingseter 60), Ynge Solevågseide, Alexander Connor, Tore Akselsen - Frank Nakken.