Han seier kampen mot Stranda var eit lite tilbakesteg i høve til 2-2-kampen mot Langevåg sist.
- Andreomgangen er grei nok, men spelet sto berre til middels. Likevel føler eg at me er i rute føre seriestarten. Stallen er breiare enn i fjor, og det er kamp om plassane på laget. Me har gode folk på benken og i tillegg fleire som ikkje var med i det heile. Eg forventar ei tøff serieopning mellom to unge lag, seier Connor. Laget møter Træff 2 heime i første serieskamp, fredag 18. april.
Torsdagens motstandar, Stranda, har missa opprykket frå 4. divisjon på Sunnmøre fleire sesongar på rad. Sjølv og vertane opna best på kunstgraset i Pizza-byga, var det Vestnes Varfjell som tok leiinga ved midtstoppar Ørjan Tangen. I løpet av dei siste ti minutta av første omgang kom heile fire mål. Stranda utlikna først, før Tore Akselsen igjen sendte Vestnes Varfjell i føringa.
Tangen sørga for ny leiing rett etter pause. Seinare auka Jakob Talberg og Tore Akselsen leiinga til komfortable 5-2 før Stranda reduserte ein gong mot slutten.
Stranda - Vestnes Varfjell 3-5 (2-2)
Treningskamp, torsdag 10. april 2008 kl 18.45
Stranda kunstgras
Mål:
0-1 (28) Ørjan Tangen
1-1 (33) Kato Vangen
1-2 (35) Tore Akselsen
2-2 (38) Ronnie Furset
2-3 (55) Jørgen Gravdehaug
2-4 (75) Jakob Talberg
2-5 (78) Tore Akselsen
3-5 (85) Kent-Runar Vad
Dommar: Per Helge Liset, Stranda
Ingen kort
Vestnes Varfjell: Marius Sivertsen, Simen Brennvik (Vegard Ellingseter 65), Per Kristian Os Nakken, Ørjan Tangen, Martin Lange Sylte (Thomas André Brastad 60) - Jakob Talberg, Jørgen Gravdehaug (Elling Olafsen 65), Yngve Solevågseide, Alexander Connor (Tommy Kanishi Andreassen 60), Tore Akselsen - Frank Nakken.
Stranda om kampen >>