Vestnes Varfjell A-laget 1998
Samlast igjen: 1998-laget
Laurdag 22. november blir det attersyn med Bernt Hulsker, Johnny Nerbø, Cato Andreassen og andre gamle Varfjell-heltar. Då blir det nemleg arrangert ein kamp i samband med at det er ti år sidan det truleg beste laget i klubbhistoria var i aksjon. Laget var svært nære eit opprykk til 2. divisjon, og no får dei bryne seg mot årets opprykkslag. Etterpå blir det bankett/årsfest på Vestnes Fjordhotell. Trenar for 98-laget, Geir Åge Sylte, har sendt førehandsvarsel til sine gamle elevar:

 

” Sannsynlig jubileumskamp mellom 98 laget og 08 laget lørdag 22.11. Årsfest på kvelden. Mer kommer :-) Kom dere i trening."

Fleire av dei som er aktuelle for ein slik kamp er framleis aktive. Bernt Hulsker (Start) og Jøhnny Nerbø (Mjølner) er alt nemnt. I tillegg kjem mellom andre Jørn Klokset (Tomrefjord), Tronde Klokset (Øya), Oddgeir Vikås (Måndalen) og dagens Vestnes Varfjell-spelarar Alexander Connor, Ronny Leikarnes, Bjørn-Vegard Løvik og Lars Jørgen Skjegstad (VVIL 2). Tarjei Rypdal Eide, som er inne i eit kvileår, skulle vel også ha kondisjon til ein slik kamp. 1998-årgangen skulle med andre ord vere i stand til å stille eit svært godt lag.

 

Kampen blir spelt i Vestnes idrettspark. Info om kamptider og påmelding til årsfesten kjem seinare.