Bernt Hulsker på trening
Hulsker omkransa av Odd Kåre Olafsen og Lars Jørgen Skjegstad
A-laget til Vestnes Varfjell starte oppkøyringa til 2008-sesongen torsdag kveld. Det var godt oppmøte på kunstgraset i Idrettsparken. Ein av dei frammøtte var berre på gjestevisitt. Bernt Hulsker er heime på juleferie og nytta høvet til å spele litt med gamleklubben. Årets nettmedarbeidar, Asbjørn Vik, har sendt oss bilder og videoar frå treninga.

 

{seyretpic id=356 align=right} {seyretpic id=355 align=left}

Ikkje tvil om at Bernt var ein poplær gjest på treninga der han også skåra mange mål. Bernt følgjer godt med på det som skjer i moderklubben, og tok naturleg nok nedrykket i haust tungt. Han kunne ikkje vere med på årsfesten fordi han var på ferie i varmare strøk.

Hulsker skal spele for Start i 2008-sesongen der han gjorde sine saker bra etter at han kom på utlån frå AIK i haust. Det vart likevel nedrykk, men til liks med Vestnes Varfjell har Hulkser og Start planar om å gjere opphaldet på eit lågare nivå så kort som muleg.