Audun Leikarnes
Audun Leikarnes
Tidlegare Vestnes Varfjell-spelarar gjer seg bemerka på andre baner. Både Bernt Hulsker og Lars Eivind Solnørdal skåra i helga, men berre ein i rett ende. Elles har Audun Leikarnes gått til Måndalen på ein utlånsavtale. Der har han spelt seg rett inn på A-laget i 3. divisjon.

 

Bernt Hulsker slo til med eit draumetreff og skåra det andre målet då Start slo Sarpsborg Sparta 2-0 søndag. Etterpå vart han klipt ned slik at ein heimespelar vart utvist. Vestnesingen var nede for telling og måtte byttast ut, men hardhausen lova etter kampen å vere klar til kamp mot Hødd til helga. Les meir >>

Lars Eivind Solnørdal debuterte for sin nye klubb Rival med å skåre sjølvmål i lokalderbyet mot Træff laurdag. Solnørdal vart NM-meistger for junior med MFK både i 1996 og 1997 og har sidan spelt for Eik Tønsberg, Asker og Bygdøy. Les meir her >>

I Måndalen spelte Audun Leikarnes sin andre kamp frå start for Måndalen i 3. divisjon. Laget tapte 1-2 heime mot Surndal laurdag. Leikarnes har til gode å debutere på A-laget til Vestnes Varfjell, men har tydelegvis fått fart på karriera i Måndalen. Oddgeir Vikås var bortreist, medan Vegar Skare er ute med skade etter ein smell i cupkamp mot AK.