Høgdepunkta står i kø i Vestnes idrettspark denne seinhausten. No er det bestemt at heile bylagsserien skal avviklast på same bane, og då er Vestnes eit naturleg val for kampane mellom Molde, Ålesund, Kristiansund og Ulstein. Bylaga er i realiteten lag for Romsdal, Nordmøre, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre, der spelarar frå Vestnes naturleg nok er aktuelle for Molde-laget. Sander Valde er den einaste frå Vestnes Varfjell som har vore på samling for Molde bylag i haust, men han var ikkje med i det siste uttaket. Kampoppsettet finn du under.

15. november Ålesund - Molde jenter kl. 11.00

15.november Kristiansund - Ulstein jenter kl. 13.00

15. november Kristiansund - Ulstein gutar kl. 15.00

15.november Ålesund - Molde gutar kl. 17.00

29. november Molde - Ulstein jenter kl.11.00

29. november Ålesund - Kristiansund jenter kl. 13.00

29. November Ålesund - Kristiansund gutar kl. 15.00

29. november Molde - Ulstein gutar kl. 17.00

21. november skal Hødd og Sunndal møtast til fylkesfinale for junior. Frå før har det vore fylkesfinalar, opprykkskvalifisering for damer og MFK-trening på bana etter sesongslutt. I tillegg skal det bli kamp mellom Vestnes Varfjell 1998 og 2008 i samband med årsfesten 22. november.