Henry Vike er ikkje alltid like imponert over delen av nynorsk i avisene, men i eit lesarinnlegg i Romsdals Budstikke måndag finn han grunn til å glede seg. Han ramsar opp fleire døme på at fleire har teke til å skrive nynorsk, men så kjem det som interesserar varfjell.no. Vike skriv: "Det er truleg berre bygdeavisene på Sunnmøre som skriv idrett på nynorsk. Det var difor ei glede å opne idrettslaget "VARFJELL" si avis. Praktisk tala alt utanom annonsene var på nynorsk. Takk, Kai Magne Stokkeland! Vonar elles om opprykk!"
Last ned Fotballavisa her>>
Me takkar for skryten og kan love endå meir nynorsk også her på varfjell.no. Henry Vike er tidlegare redaktør i avisa Fylket og målmann (!) på Samhald.