Geir Åge Sylte har ajourført adelskalenderen over spelte kampar for A-laget. Oversikten gjeld for FK Varfjell og Vestnes Varfjell IL frå og med sesongen 1968 og fram til i dag. Bjarne Nerheim er framleis i toppen med sine 333 kampar, men bak jagar Ronny Leikarnes. Også to andre av dei som er aktive i dag er i "første-ellevaren".
Adeleskalenderen finn du her >>
Merk at berre obligatoriske kampar er med, det vil seie kampar i serie, NM-cup, kvalifisering for opp- eller nedrykk og KM-sluttspel. Kampar for Vestnes Varfjell 2 tel ikkje.