Ronny Leikarnes har som vanleg inntatt toppskårartoppen i Vestnes Varfjell ved halvspelt serie. Spissen har med sine 7 fulltreffarar også ein delt tredjeplass i kampen om toppskårarpokalen i 4. divisjon som avisa Tidens Krav deler ut. John Arne Øien frå Midsund leiar med 12 mål, tre fleire enn Ronny Svanemsli, KFK. Heile lista:
12 mål: John Arne Øien, Midsund
9 mål: Ronny Svanemsli, KFK
7 mål: Ronny Leikarnes, Vestnes Varfjell; Vegar Bøe, Gry/AK2; Vegarud Furu Øie, Sunndal 2; Erlend Venge, ÅIF
6 mål: Marius Vågen, Bud, Frode Wiik, KFK; Erik Ruud Ramsli, Sunndal 2
5 mål: Tore Akselsen, Vestnes Varfjell; Sølve Starheim, Gossen; Thomas Sørvik, Gry/AK2, Magnus Magerøy, Molde 3; Thomas Hammerbäck, Træff 2
I 3. divisjon er Kjetil Brudseth, Elnesvågen, suverent i tet med 20 mål, sju fleire enn Jan Roger Angvik, Sunndal.
Kjelde: Tidens Krav
Oversikt over alle målskårarar og kortsankarar i Vestnes Varfjell finn du her.