Stokkeland og LeikarnesTarjei Rypdal Eide vart kåra til årets spelar og Karl Arne Stokkeland til årets unge spelar då Vestnes Varfjell heldt årsfest med julebord på restaurant Smiå på Helland fredag. Frå før var det klart at Ronny Leikarnes ville få toppskårartrofeet. Ei rekke andre utmerkingar vart også utdelt. Det var ein fin fest med mykje god mat og drikke for dei rundt 40 påmeldte. Klikk her for videoar >>

 

Videoar frå Varfjell-tv: {seyretpic id=347 align=center}{seyretpic id=346 align=center}{seyretpic id=345 align=center}{seyretpic id=344 align=center}{seyretpic id=343 align=center}{seyretpic id=342 align=center}{seyretpic id=341 align=center}{seyretpic id=340 align=center}{seyretpic id=339 align=center}

Connor fekk sjølv statuett for passerte 200 seriekampar. Tommy Kanishi Andreassen, Yngve Solevågseide og Per Kristian Os Nakken fekk blomster for 50 spelte kampar.

Det er spelarane sjølve som kårar årets spelar. Rypdal Eide var ikkje sjølv til stades for å motta trofeet. Midtbanespelaren vart stemt fram til ein klar seier i konkurranse med til saman sju andre som også fekk stemmer.

Årets unge spelar er det trenarane som veljer ut. Denne blir ikkje nødvendigvis delt ut kvart år, men krev at det finst verdige kandidatar. Karl Arne Stokkeland har tatt steget opp frå gutelaget i år og spelte fleire sterke kampar i 3. divisjon. Han har vist stor framgang og er ein spelar for framtida, framheva trenar Alexander Connor under utdelinga.

12 mål var nok til å sikre Ronny Leikarnes nok eit toppskårartrofe til den overfylte premiehylla. Han skåra også årets mål, mot Dahle borte. Eit skot frå heilt ute ved sidelinja vart sendt rett i krysset på heil volley. Tore Akselsen sitt knallskot i mål mot same motstandar på Vestnes vart nummer to i kåringa. Simen Brennvik vart toppskårar på B-laget i 5. divisjon.

Einar Helge Brennvik var kåra til årets hegre. Han er ein av dei trufaste medlemmene i supporterklubben Hegreberget som har fulgt laget både heime og borte i årets sesong.

Asbjørn Vik fekk fortent heider for sin innsats som fast videofotograf for varfjell.no med tittelen årets nettmedarbeidar.

Elles vanka det fortente blomster til leiar Kai Magne Stokkeland, leiar Geir Åge Sylte, oppmann Lars Jørgen Skjegstad. Kaptein Yngve Solevågseide delte ut blomster til trenar Connor på vegne av spelarane.

Marius Sivertsen og Ørjan Tangen vann den prestisjefylte quizen. Her måtte det ekstraomgangar til for å kåre ein vinnar.

Andre utmerkingar av mindre høgtidleg art:

Årets raskaste spelar: Bjørn-Vegard Løvik, tatt i fartskontroll over Fursetfjellet på veg heim frå kamp.

Årets kommentar: Bjørn-Vegard Løvik: "No må du blese av dommar, me ska' rekke fergå!" Sagt på stillinga 3-4 borte mot KFK nokre minutt før slutt.

Årets unnskulding: Jakob Talberg, nekta å vere med på snøbading etter tapt konkurranse på trening fordi dama skulle komme på besøk. 

Dette var det me huskar så langt, legg gjerne inn melding i feltet under om du saknar noko.

Fleire bilder er alt lagt ut i MMS-bloggen >>