Ronny Leikarnes vs Grykam.
Ronny Leikarnes på farta i sin Varfjell-kamp nr 300.
I det stille har to spelarar på A-laget nådd historiske milepelar denne vårsesongen. Ronny Leikarnes har passert 300 kampar, medan Bjørn-Vegard Løvik er forbi 200-kamparsmerket. Leikarnes er oppe i 305 kampar. Dermed har han berre to mann føre seg på adelskalenderen, nemleg Gunnar Nerbø med 319 kampar og Bjarne Nerhaim med 333 kampar. Leikarnes vil nå 316 kampar om han spelar alle seriekampane i år, dermed må han spele minst ein sesong til om han skal gå heilt til topps. Frå før har han skåringsrekorden, der han no er oppe i 282 mål. Som vanleg vil spelarar som når runde tal bli heidra på årsfesten i desember.


Ronny Leikarnes spelte kamp nummer 300 mot Gry/Kårvåg/Havørn/AK 2 heime 30. mai. Løvik nådde 200 i kampen mot Åndalsnes borte 6. juni.

Adelskalenderen før sesongen starta>>