Leikarnes, Talberg og Akselsen
0-1: Talberg og Akselsen gratulerer Leikarnes.
(Dahle 2 - Vestnes Varfjell 0-2) To mål av Ronny Leikarnes sikra Vestnes Varfjell alle tre poenga i bortemøtet med Dahle 2 i 4. divisjon tirsdag kveld. Vestnes Varfjell var klart best før pause og hadde sjansar til meir enn det eine målet Leikarnes sette inn halvvegs. Etter kvilen dominerte Dahle 2 i 25 minutt før Vestnes Varfjell igjen tok over mot slutten og auka til 2-0. Vestnes Varfjell er dermed det beste bortelaget i 4. divisjon ved halvspelt serie. Dessverre er laget mellom dei dårlegaste poenplukkarane på heimebane. Andre resultat: Midsund - Åndalsnes 0-0 og KFK - Rival 2 3-1. Bortetabell | Full tabell

Videoar | Bildegalleri lysbildevisning | Vanleg bildegalleri

 

 

{seyretpic id=560 align=center}{seyretpic id=561 align=center}
{seyretpic id=562 align=center}
 

Vestnes Varfjell starta aggresivt og bra i angrep og etter 17 minutt låg balllen i nota. Ronny Leikarnes avslutta eit angrep med eit velplassert skot i mål. Jakob Talberg gjorde forarbeidet. Laget hadde sjansen til å auke fleire gongar. Den største var ein trippelsjanse. Ein opplagt Tore Akselsen skaut knallhardt i stolpen, så sette han returen på keeper før Ronny Leikarnes nær hadde krangla neste retur i mål. Seinare var Tommy Kanishi aleine igjennom uten å få mål. Omgangen ebba ut med at Vegard Ellingseter frispelte Leikarnes som sette ballen i mål, men linjemann Allan Miller hadde alt vore oppe med flagget.

 

 

Vestnes Varfjell greide ikkje å halde oppe trøkket i andre omgang og let vertane overta speleovertaket. Likevel utan at Sivertsen vart sett på dei heilt store prøvene. Dei siste 20 minutta tok Vestnes Varfjell igjen over og kvarteret før slutt doble Leikarnes leiinga. Jakob Talberg skaut først før Leikarnes fekk pressa returen frå keeper over streken. Mot slutten kunne det ha blitt fleire skåringar. Tommy Kanishi Andreassen viste at han har større løpskapasitet enn dei fleste og avslutta kampen med fleire fine raid og eitt godt skot som keeper redda. Innbyttar Jørgen Gravdehaug finta alle inne i feltet, men dribla ein gong for mykje då det berre var å skyte ballen i mål. Kampen slutta med at Ronny Leikarnes heada utanfor frå kloss hald.

 

Ronny Leikarnes skårer mot Dahle 2
Leikarnes skyt i mål til 1-0.
Alt i alt kjekt med ein ny trepoengar inn mot ferien. Det unge Dahle-laget var teknisk godt og vil ta poeng frå mange lag. Dessverre for dei mangle det litt i avslutningane.

Midstopparduoen Ørjan Tangen og Yngve Solevågseide spelte i tillegg trygt og tillet ikkje Dahle å komme på skothald. Ronny Leikarnes var nok likevel viktigast i kveld med sine to mål, men heile laget skal ha ros for innsats og innstilling.

 

Flott spelever og alltid triveleg å komme til Dahle kunsgresspark som har den flottaste tribuna i lokalfotballen. God dommar var Ole Petter Kristiansen frå Eide.

 

Neste kamp for Vestnes Varfjell er borte mot Træff 2 måndag 4. august, men den blir truleg flytta då den kolliderer med storkampen Molde - Aalesund.

 

Motstandar om kampen>>

 

Kampfakta:

Dahle 2 - Vestnes Varfjell 0-2 (0-1)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Tirsdag 1. juli 2008 kl 18.45

Dahle kunstgresspark, 37 tilskodarar

Mål:
0-1 (17) Ronny Leikarnes
0-2 (75) Leikarnes
Dommar: Ole Petter Kristiansen, Eide

Gult kort: Tore Akselsen, Vestnes Varfjell, eitt til Dahle 2

Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen, Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide, Thomas André Brastad (Jørgen Gravdehaug 83.) - Jakob Talberg, Alexander Connor, Vegard Ellingseter (Elling Olafsen 75.) - Tommy Kanishi Andreassen, Ronny Leikarnes, Tore Akselsen (Martin Lange Sylte 70.)