Tommy Kanishi Andreassen skåra tre mot HaNo. (Foto: Asbjørn Vik)
3 mål: Kanishi
A-laget held fram med å skåre mange mål i treningskampane. Også i andre kamp skåra laget seks gongar. HaNo fekk skåre det første målet i Vestnes idrettspark, men etter det vart det mest Vestnes Varfjell som til slutt vann komfortabelt 6-2 etter skåringar av Tommy Kanishi Andreassen (3), Ronny Leikarnes (2) og Jørgen Gravdehaug.
Sjå alle høgdepunkta frå kampen i Varfjell-TV

 

{seyretpic id=834 align=right}Gjestane frå Haram kom best i gang og fekk lov til å skyte inn 1-0 bak keeperdebutant Arild Mundal i Vestnes Varfjell-målet før ti minutt var spelt i mildt januarvêr i Vestnes idrettspark laurdag. Kampen hadde avspark så tidleg som klokka 12, men etter kvart fekk også heimelaget søvnen ut av augene. Tommy Kanishi Andreassen serverte høgdepunktet i kampen då han utlikna på eit langskot frå rundt 20 meter.

Vegard Ellingseter og Knut Øyvind Hoem klare til kamp. (Foto: Asbjørn Vik)
Ellingseter og Hoem
No overtok heimelaget det meste, og gjestane frå 5. divisjon på Sunnmøre fekk problem med å henge med på tempoet. Elling Olafsen serverte på hovudet til Ronny Leikarnes som heada inn leiarmålet. Så drog Kanishi Andreassen seg fri og sette inn 3-1. Same mann avslutta med sitt tredje for omgangen etter tilbakepasning frå Alexander Connor som først var forbi tresfjordingen Øystein Bergheim i HaNo-buret.

Også etter pause hadde heimelaget det meste av spelet, men dei neste skåringane kom ikkje før i dei ti siste minuttane av kampen. I mellomtida hadde Vestnes Varfjell eit par ballar i stengene, mellom anna eit fint langskot av Kanishi etter ein corner. Gjestane fekk lov til å skåre først også etter pause då dei reduserte til 4-2. Så sette Jørgen Gravdehaug inn 5-2 etter klikk-klakk-spel utanfor 16-meteren før Vegard Ellingseter fann Leikarnes føre mål til sluttresultat 6-2.

Alt i alt ein greit gjennomført kamp av eit heimelag med få spelarar i troppen. Faktisk måtte Frank Nakken, som vel har trappa ned og skal spele for Fiksdal/Rekdal i år, innpå som innbyttar. Også målvakt Arild Mundal, som spelte sin første kamp for Vestnes Varfjell, måtte inn som spiss i sluttminutta.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Haramsøy & Nordøy FK 6-2

Pause: 4-1

Treningskamp

Laurdag 31. januar kl 12.00

Vestnes idrettspark

Tilskuarar: 20

Mål:

0-1 (9) Jan Egil Ulla

1-1 (17) Tommy Kanishi Andreassen

2-1 (19) Ronny Leikarnes

3-1 (24) Kanishi Andreassen

4-1 (41) Kanishi Andreassen

4-2 (82) Lars Petter Haram

5-2 (85) Jørgen Gravdehaug

6-2 (89) Ronny Leikarnes

Dommar: Johnny Svensli, Vestnes Varfjell

Kort:

Vestnes Varfjell (4-4-2): Arild Mundal (Svale Leren 46.); Daniel Karadash (Frank Nakken 35.), Thomas André Brastad, Yngve Solvågseide, Knut Øyvind Hoem - Tommy Kanishi Andreassen (Mundal 85.), Vegard Cruz Ellingseter, Alexander Connor, Jørgen Gravdehaug - Elling Olafsen, Ronny Leikarnes.

 

HaNo (4-3-3): Øystein Bergheim; Kristian Kalvøy, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Jonas Longva - Jan Egil Ulla, Cato Longva, Lars Petter Haram - Åge Flem Ulla, Stig Frode Longva, Alexander Eide. Innbyttarar: Vegard Halkjelsvik, Dag Peter Olsen, Demir Haram, Andreas Fjørtoft, Kent Inge Klokk, Odd Einar Molnes.

 

HaNo om kampen >>