Svein Erik Gregersen (bildet) skåra to mål i sin debutkamp for Vestnes Varfjell etter overgangen frå KFK. Også Oddgeir Vikås var tilbake i Vestnes Varfjell-trøya med skåring. I ein målrik kamp vann heimelaget fortent 6-5. Laget var ein stund oppe i leiinga 5-2. Alexander Connor seier det var ei grei gjennomkøyring der det var viktig å la mange spelarar prøve seg.
Her er trenaren sin oppsummering av kampen i Vestnes idrettspark torsdag kveld:
"Legg sjølvsagt ikkje så mykje i denne kampen. Det viktigeste var at dei fleste spelarane fekk prøve seg på større bane, då dei første to treningsvekene har vore prega av 5-a-side-øvingar. Det som kanskje var litt interessant var at me skapte mange gode overganger og fleire av måla var resultat av godt kollektivt angrepsspel. Men samtidig har vi den gamle "sjukå" med sleppe inn mange mål på dødball. Men dette skal me rette på i sesongoppkjøringa."
Neste treningskamp er laurdag 31. januar kl 12 heime HaNo.
Norborg telte 12-7 i sjansar i favør heimelaget.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Norborg 6-5
Pause: 4-2
Treningskamp
Vestnes idrettspark
Tilskuarar: ca 15
Torsdag 22. januar 2009 kl 19
Mål
1-0 Tommy Kanishi Andreasen (5)
1-1 Tarjei Urkedal (14)
2-1 Oddgeir Vikås (15)
2-2 Tarjei Urkedal (24)
3-2 Svein Erik Gregersen (36)
4-2 Elling Olafsen (42)
5-2 Thomas A. Brastad (47)
5-3 Morten Kalvø (71)
5-4 Tarjei Urkedal (78)
6-4 Svein Erik Gregersen (89)
6-5 André Larsen (90+2)
Dommar: Johnny Svensli, Vestnes Varfjell
Gult kort: Simen Brennvik, Vestnes Varfjell
Vestnes Varfjell: Svale Leren: Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Nirut Mjøs, Thomas André Brastad - Thommy Kanishi Andreassen, Yngve Solevågseide (Svein Erik Lange Male 70.), Jørgen Gravdehaug (Vegard Ellingseter 46.), Svein Erik Gregersen (Tarjei Bjermeland)- Elling Olafsen, Oddgeir Vikås (Jakob Talberg 65.).
Norborg: Geir Roar Gamlem - Kristian Furnes (André Larsen, 46), Jan Even Drønnesund, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan - Ole Johan Urke (Skjalg Volstad, 69), Kristian Søviknes (Bee, 69), Adrian Håbet, Skjalg Volstad (Johan Stavik, 46) - Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Kristian Søviknes, 82).