Nirut Mjøs i bussen etter kampen. (Foto: Asbjørn Vik)
3 mål: Mjøs
(KFK - Vestnes Varfjell 5-7) Utslitte uttrykk som "lekk i begge endar" og "ishokey-sifre) fekk ny meining då Vestnes Varfjell møtte Kristiansund FK laurdag. 7-5 sto det til slutt etter at innbyttar Nirut Mjøs vart den store helten med tre mål og hattrick i andre omgang. - For dårleg defensivt, men det heldt heldigvis til seier, seier spelande trenar Alexander Connor til varfjell.no om kampen.

Videoar finn du her >> 


Heimelaget starta best på Atlanten stadion, men det var Vestnes Varfjell som skåra først. Etter eit kvarter sette Tommy Kanishi Andreassen inn 1-0 på ei kontring.

 

{seyretpic id=735 align=center}  {seyretpic id=735 align=center} 
{seyretpic id=736 align=center}  {seyretpic id=737 align=center} 
{seyretpic id=738 align=center}  {seyretpic id=739 align=center} 
{seyretpic id=740 align=center}  {seyretpic id=741 align=center} 
{seyretpic id=742 align=center}  {seyretpic id=743 align=center} 
{seyretpic id=744 align=center}   

 

Vestnes Varfjell spelte seg etter kvart inn i kampen og fem minutt før pause kom utlikninga. Ronny Leikarnes vart felt av keeper etter ein retur, men ballen hamna hos Elling Olafsen som sette inn 2-2. Omgangen var likevel ikkje over med dette. Rett før pause heada KFK inn 3-2 på ei passiv Varfjell-målvakt som trudde ballen skulle gå utanfor.

 



KFK starta best også i andre omgang og før to minutt var spelt stod det 4-2 på eit frispark i keeperhjørnet. Like etter slo Vestnes Varfjell tilbake. Ronny Leikarnes sette ballen i ope mål etter forarbeid av Kanishi Andreassen. Så var det innbyttar Nirut Mjøs sin tur til å vise seg fram. Timen var spelt då han utlikna til 4-4 etter eit innlegg frå Kanishi der Leikarnes først bomma. Fire minutt etterpå heada samme mann inn 5-4 etter eit nytt mønsterangrep og innlegg frå sida frå Leikarnes. Så utlikna KFK til 5-5 etter meir usikkert keeperspel.

Heldigvis vart ikkje det ikkje avgjerande, for Nirut Mjøs var ikkje ferdig og skåra 6-5 på eit skot etter nytt innlegg frå Leikarnes. Like etterpå tremålsskåraren skada i kneet, men truleg er det ikkje alvorleg. Heilt på slutten sette Jørgen Gravdehaug punktum. Teknikaren dribla av det som var og sette inn 7-5.

- Ein open kamp med mange sjansar, der me er best i andre omgang og vinn fortent. Det kunne vore fleire mål, men 7-5 fekk vere nok, oppsummerer oppmann Einar Helge Brennvik.

KFK har toppskåraren i 4. divisjon i Ronny Svanemsli. I løpet av to minutt sendte han vertane i føringa 2-1.

 

KFK skriv om kampen at dei fekk problem i forsvar etter at veteranen Frode Byttingsvik måtte ut med skade midtvegs. Den eine tomålsskåraren, Svein Erik Gregersen, trente forøvrig med Vestnes Varfjell ein periode i sommar.

 

KFK om kampen >>

 

Livdekning >>

 

Kampfakta:

KFK - Vestnes Varfjell 5-7
Pause: 3-2

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Laurdag 4. oktober 2008 kl 15.00

Atlanten stadion

10 tilskuarar
Mål:

0-1 (15) Tommy Kanishi Andreassen

1-1 (28) Ronny Svanemsli

2-1 (29) Svanemsli

2-2 (39) Elling Olafsen

3-2 (44) Svein Erik Gregersen

4-2 (47) Gregersen

4-3 (51) Ronny Leikarnes

4-4 (60) Nirut Mjøs

4-5 (64) Mjøs

5-5 (65) Dennis Thordarson

5-6 (78) Mjøs

5-7 (90) Jørgen Gravdehaug

Dommar: Eivind Solnørdal, MFK 

Vestnes Varfjell (4-4-2/4-3-3): Marius Sivertsen; Simen Brennvik, Yngve Solevågseide, Ørjan Tangen, Martin Lange Sylte (Nirut Mjøs 46. (Sondre Akselsen 80)) - Tommy Kanishi Andreassen, Alexander Connor, Jørgen Gravdehaug, Thomas André Brastad (Elling Olafsen*) - Elling Olafsen (Martin Lange Sylte*), Ronny Leikarnes. Innbyttarar: Svale Leren, Nirut Mjøs og Sondre Akselsen.

* Bytta inn igjen i kort periode.