Ronny Leikarnes har problem med menisk.
Ronny Leikarnes
Ronny Leikarnes har vore ute med skade i dei siste treningskampane, og no ventar operasjon. Det er menisken som plagar tidenes toppskårar i klubben (293 mål på 316 kampar). Leikarnes seier til varfjell.no at han satsar på å vere klar at til seriestarten 24. april og dermed ta opp jakta på Bjarne Nerheims klubbrekord på 333 kampar. Verre er det med Tore Akselsen. Han rauk som kjent av korsbandet i vinter, og er ute for resten av sesongen.

 

Kantspelaren var uheldig i innefotball og har enno ikkje vore til operasjon. Vanlegvis går det rundt åtte månader frå ein operasjon til det er muleg å spele fotball att.Dermed får me ikkje sjå den gode kantspelaren i den marineblå drakta denne sesongen.

 

Les meir om meniskskader her