Børge Kjersem, Lodve Solholm og Per Ove Smogeli, truleg i 1972. (Foto frå Lodve Solholm sitt album)
Kjersem, Solholm, Smogeli
Romsdals Budstikke har laurdag eit portrettintervju med den nye fylkesmannen i Møre og Romsdal, Lodve Solholm. Her pratar Solholm også om tida då han var målmann i Varfjell. Her mimrar han mellom anna om at han spelte mot Åge Hareide då Varfjell møtte Hødd i treningskamp, og at den nyleg avgåtte landslagstrenaren kanskje er den beste som har skåra på han.

 

Her er det som står om fotballkarriera:

".. var aktiv fotballspiller og solid siste skanse på laget. Åge Hareide er den mest kjente av motstanderne som prøvde å skyte Lodve i senk. Åge skåret da også ett mål da Hødd slo Varfjell på Tresfjord stadion en gang på 70-tallet. Lodve ble aldri skadd på fotballbanen .."

 

Intervjuet har to gamle Varfjell-bilder, det eine eit lagbilde frå 1970 og det andre Lodve saman med lagkameratane Børge Kjersem og Per Ove Smogeli. Dette er truleg tatt før ein kamp i 1971 på Tresfjord stadion.

 

59-åringen starta si organisasjonskarriere som formann i Varfjell i 1973. Vestnesingen sto i mål for Varfjell i perioden 1968-1974 og står oppført med 91 seriekampar.