29. desember er ein merkedag
for fotballen i Vestnes. På denne datoen i 1967 vart
Fotballklubben Varfjell stifta ved at fotballgruppene i Tresfjord
IL og Vestnes Turn & IL slo seg saman. Dermed fekk me den
organiseringa av fotballen for vestre delar av kommunen som gjeld
også i dag.
FK Varfjell slo seg som kjent igjen saman med Vestnes Turn &
IL i 1993 til Vestnes Varfjell IL. Stiftingsdatoen til det eldste
laget, altså VTIL, vart dermed gjeldande for den nye klubben.
Denne er 29. september 1900, og det er denne datoen som blir
markert når det er snakk om formelle jubileum. Det neste
store blir i 2010 då Vestnes Varfjell IL fyller 110 år.
I 2009 er det 75-årsjubileum for den organiserte fotballen i Vestnes. Fotballgruppa i Vestnes T & IL vart danna formelt 31. juli 1934.
Les meir om stiftinga fotballgruppa i VTIL og
Varfjell her>>
Les meir om klubbhistorien her >>