Romsdals Budstikke har idag eit intervju med Asbjørn Herje (bildet) som blir pensjonist etter 50 år i skatteetaten i Vestnes. I Varfjell er Herje mest kjent som dommar, men han spelte fotball både for Vik og Lid, Vestnes Turn & IL, Fiksdal og Varfjell. 68-åringen er framleis ein av dei mest ivrige supporterane på heimekampane til Vestnes Varfjell. I intervjet fortel han mellom anna om si mest dramatiske episode som dommar:
Herje fortel om ein episode i Fiksdal der Fiksdal tok imot Midsund. Nokre av dei tilreisande likte ikkje dømminga og mannen i svart vart omringa av folk med oppslåtte paraplyar og spissen retta mot dommaren.
- Det var nok å snakke til dei. Eg trua med rapportering, då roa det seg. Eg såg det aldrig som ein uriaspost verken å vere fotballdommar, likningssjef eller skatteoppkrevar, seier Herje til Romsdals Budstikke.
Herje fortel at han enno ikkje var fylt 14 år då han debuterte som A-lagsspelar for Vik & Lid (no Tomrefjord) 14. mai 1954. Det var borte mot Sør-Gossen i ein kamp Lid & Vik vann 2-1. Han spelte for Vestnes Turn & IL seinare på 1950-talet før han gjekk over til Fiksdal IL sitt suksessrike mannskap på 1960-talet.
Det finst ikkje full oversikt over kampane til Vestnes Turn & IL på 1950-talet, men Herje er i all fall notert med 4 kampar (våren) 1957/58, 10 kampar (alle) i 1958/59, og 7 kampar i 1959/60. I Varfjell fekk han 3 kampar, alle i 1973. Oversikt sesong for sesong finn du her >>
Herje vart kretsdommar i 1976 og dømte på øvste kretsnivå (no 3. divisjon). Han la fløyta på hylla på slutten av 1980-talet. Han er også ein habil bridgespelar og vart kretsmeister i 1975.