Varfjell 1973. Lodve Solholm i midten framme.
Solholm i midten framme.
Lodve Solholmvarfjell.no gratulerer Lodve Solholm som i statsråd i dag vart utnemnt som ny fylkesmann i Møre og Romsdal. 59-åringen starta si organisasjonskarriere som formann i Varfjell i 1973. Vestnesingen sto i mål for Varfjell i perioden 1968-1974 og står oppført med 91 seriekampar.

 

Han starta si politiske karriere i 1977 for Fremskrittspartiet i Ørskog, dit han flytta etter lærarskulen. Han rakk også å spele for Ørskog IL før han la opp og satsa for fullt på politikken. Solholm vart vald inn på Stortinget første gong i 1989. Han har vore med i Stortingets presidentskap sidan 2001 og i perioden 2001 til 2005 var han lagtingspresident. Solholm har sagt nei til attval til Stortinget neste haust. Han er også varaordførar i Ålesund, eit verv han må gå ut av når han blir fylkesmann.

 

Solholm avløyser Ottar Befring neste haust. Les meir på Møre og Romsdal fylke sine nettsider. Fylkesmannen er Kongen og staten sin representant og forlenga arm i fylka. Han og staben hans skal mellom anna passe på at kommunane følgjer lovar og reglar.