Connor og Nakken
Connor med nykommar Frank Nakken
Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor har to spelarar ute med skade, men kan elles velje frå tilnærma full tropp når laget møter Norborg til årets første treningskamp torsdag. Kampen blir spelt i ein nybrøyta Vestnes idrettspark. Avspark er klokka 20. - Kampen mot Norborg skal først og fremst brukast til å få dei nye spelarane til tilpasse seg måten vi ønsker å spele fotball på, seier trenar Connor til varfjell.no.

Trenaren rapporterer om veldig bra oppmøte på trening i vinter.

- Sjølv om det har vært rolege økter, har det til tider vore temmeleg bra kvalitet. Det ser ut til at A-lagstroppen i  år vil bestå av ca 18 spillere. Fokuset på treningane i januar har vore å få igang fotballrørsla og konstatere at grunnforma er der. Etter kvart no blir det noko tyngre treningar og meir fokus på det taktiske, seier Connor.

Alle i troppen skal i utgangspunktet vere tilgjengelege til kampen torsdag, med unntak av Elling Olafsen og Anders Jørn Neraas, som er ute med skader.

- Det vil seie at eg har rundt 18 spelarar å velje blant. Den mulegheita har eg ikkje hatt før, seier Connor.

Dette blir første sjanse til å sjå nykomarane Jørgen Gravdehaug, Thomas André Brastad, Frank Nakken og Vegard Ellingseter i kamp for Vestnes Varfjell.

Atle Oterhals, MFK, dømmer kampen.

Norborg har alt spelt ein treningskamp i vinter då laget slo Vartdal 5-1. Tilsvarande oppgjer i fjor endte 4-1 til Vestnes Varfjell. Les meir om den kampen her >>