ImageNettportalen Sportsweb er igang med kåringa av årets nettside for breiddeklubbar. Varfjell.no er som kjent mellom dei ti finalistane, og plasserte seg på ein fin fjerdeplass etter at dei to første medfinalistane plasserte sine poeng torsdag. Klikk her for å følgje kåringa kvar dag >> 

Eidsvold Turn gav flest poeng totalt til varfjell.no, medan Elverum ikkje var like rause og plasserte oss heilt på botn med 1 poeng både for design og innhald! Som vanleg når varfjell.no blir vurdert av andre skårer me best på oppdateringar, og det gav 10-poengar frå Eidsvold-Turn.

Underteikna kan skrive under på at det ikkje har vore lett å rangere dei ti finalesidene. Rett inntrykk av ei side får ein vel berre ved å vere fast lesar over ei lengre periode.

Merk at poengoversikten vil halte heilt til fagjuryen skal gje poeng til slutt. Det er nemleg ikkje lov å gje poeng til seg sjølv, slik at dei som alt har stemt kjem dårlegare.