Ronny Leikarnes skårer mot Midsund. (Foto: GK)
Mål: Ronny Leikarnes
Romsdals Budstikke presenterer i dag ei liste over kven som er kåra til banens beste i 4. divisjon denne sesongen. Her er Ronny Leikarnes frå Vestnes Varfjell i delt tet med sine tre kåringar. Tore Akselsen, Ørjan Tangen og Yngve Solevågseide har vore kåra to gongar kvar. Også på toppskårarlista er Leikarnes høgt opp med sine 15 mål. Ein trio er føre med 18 mål kvar.


Dei andre med 3 BB-ar er Frode Wiik, KFK; Sturle Starheim, Gossen; John Arne Øien, Midsund; Ronny Svanemsli, KFK; Andreas Bjørnerem, Midsund og Erik Ruud Ramsli, Sunndal 2. Tidlegare vart den som hadde flest noteringar kåra til årets spelar i divisjonen, men dette har avisa gått vekk frå. I staden blir det kåra ein årets profil i lokalfotballen basert på fleire faktorar der også talet på BB-noteringar tel med.

I toppskårarteten har Leikarnes tre mål å ta att på Vegard Bøe, Gry/AK 2; John Arne Øien, Midsund og Ronny Svanemsli, KFK.

Romsdals Budstikke ar også eit intervu med Midsunds spelande trenar John Arne Øien, som altså er i toppen av begge listene. Han fortel mellom anna korleis laget hans har variert frå 5-1 seier borte mot Vestnes Varfjell til 0-4-tap heime mot same lag.