Alf Inge Hellevik
Alf Inge Hellevik (Foto: friidrett.no)
Ein tidlegare Vestnes Varfjell-spelar gjer det skarpt som sprinter. Alf Inge Hellevik satsa seriøst på friidrett først i 2004. I NM sist helg tok 26-åringen 4. og 7. plass på henhaldsvis 100 og 200 meter. Hellevik gav seg med fotball før han nådde seniornivå, men har altså vidareutvikla andre talent.

 

Til Sunnmørsposten fortel Hellevik at han spelte fotball for Vestnes Varfjell og bordtennis i Molde før han satsa på ei sprintkarriere. Resultata i NM i Trondheim var også personlege rekordar. Hellevik oppnådde gode 10,92 på 100 meter og 22,22 på 200 meter på Trondheim stadion. Hellevik spring for Trondheim FIK. Også i 2006 vart han nr 4 på 100 meter i NM. Til hausten drar legestudenten til USA.

 

Han er bror av Audun Hellevik som spelte på A-laget til Vestnes Varfjell for nokre sesongar sidan.

 

Les meir om Alf Inge Hellevik på rebnett.