ParkenVestnes kommunestyre avslo torsdag søknaden frå Vestnes Varfjell IL om ettergjeving av restgjelda på 325.000 kroner i samband med utbygginga av Vestnes idrettspark. Idrettslaget søkte om dette fordi laget går glipp av 400.000 kroner i automatinntekter i åra framover.

Søknaden vart avvist samrøystes med denne grunngjevinga:

"Vestnes kommune har store utfordringar med å finansiere dei lovpålagte tenestene for 2008, og kan difor ikkje prioritere dette tiltaket innanfor driftsbudsjettet. Ein har heller ikkje disponible midlar på det ubundne driftsfondet.Dersom VVIL skulle ha ønskje om det, får adm.sjefen fullmakt til å  forlenge nedbetalingstida på lånet med inntil 5 år.

Heile saksframlegget >>

Heile vedtaket >>