ImageVestnes Varfjell har rundt 35 namn "på blokka" over aktuelle spelarar for a-lag og juniorlag/b-lag neste sesong. Det er klart etter spelarmøtet fredag, der det var rekordstort frammøte. Laget ser ut til å behalde stammen i laget frå i år, men det er også nokre usikre kort slik vanleg er på denne tida av året.

Trenar Alexander Connor og oppmann Lars Jørgen er samstemte til varfjell.no etter møtet:

- Det skal la seg gjere å få på plass ein spelarstall som både er god nok og stor nok til å rykke rett opp att i 3. divisjon. Samtidig må vi og resten av klubben arbeide vidare for å få på plass eit sportsleg opplegg som viser at det blir satsa.

Rundt 30 spelarar var med på spelarmøtet, i tillegg hadde 5-6 mann meldt forfall. Begge dei to spelarane som er ønska frå Tomrefjord, Jørgen Gravdehaug og Thomas André Brastad, deltok.

Møtet var ei førebels karlegging av kva spelarar som er aktuelle for A-lag, juniorlag eller juniorlag/B-lag neste sesong og kven som er usikre. Det blir eit nytt spelarmøte om ikkje så lenge, der eit meir konkret opplegg for neste sesong vil bli presentert.