
VVIL vil uansett utfall av kulturnemda sitt arbeid jobbe vidare med å bygge eit klubblokale med ei økonomisk ramme på inntil kr 7 mill og ein treningshall i VIP eller på grusbanen ovanfor Vestneshallen for å tilfredsstille idrettslagets og fotballen sine behov i Vestnes - kostnadsramme ca 3-4 mill.
Her er ei kort oppsummering av Vestnes Varfjell sin argumentasjon overfor kulturhusnemda i Vestnes kommune torsdag 22. mai. Denne er no berre av akademisk interesse, men det kan vere greit å opplyse kva argument idrettslaget har har hatt:
I presentasjonen fokusterte leiaren på VVIL sitt behov for klubbhus og ein stad å vere for ungdom, samt behovet for innandørs treningsareal fordi Vestneshallen i dag har svært stor aktivitet, fortrinnsvis med handball, og at vi difor ikkje har tilfredstillande treningsmuligheiter vinterstid for fotball.
Vestnes Varfjell IL meiner at VIP, med ei fjerde arm i rundkjøringen på E139, vil vere ei glimrande plassering for eit kulturhus der Helland får stoppeffekt frå 3200 bilar som kvar dag passerer og der turistinfo og andre sørvistenester i kommunen kan plasserast. Tilgjengelig areal på begge sider av kunstgrasbanen utgjer ca 17000 m2 - nok areal både for parkering og nødvendig bygningsmasse som også kan innehalde brannstasjon/politi og ambulanse.
VVIL har meint at eit framtidig fleirbrukshus skal ha mange brukarar og at driftskostnader i denne sammenheng må fordelast, gjerne ved at sentralvarmeanlegget på Hellandheim-området blir nytta til felles oppvarming.