Idrettsparken
Tomt for brannstasjon?
Område i Vestnes idrettspark er igjen aktuelt alternativ som tomt for ny brannstasjon i Vestnes.  Det vil uansett ikkje bli aktuelt å endre namn på anlegget, då Brann stadion alt er tatt opp av eit lag lenger sør på kysten! Vestnes Varfjell IL ser for seg brannstasjon, politi og ambulanse som leigetakarar i eit stadionbygg mellom kunstgrasbana og europavegen med tilkomst via ei fjerde arm i rundkøyringa ved Straumen.

Her er vedtaket som til slutt fekk fleirtal etter lang debatt i siste kommunestyremøte: 

1. Kommunestyret bed om at administrasjonssjefen utgreier vidare :

-          Straumen Nord/areal sør for bedehuset(gnr/bnr 51/1)

-          Straumen Syd

-          Alternativ ved Idrettsparken, herunder tilkomst til ny brannstasjonstomt

-          Evt nye alternativ kan kome til

2. Leigetakarar som til dømes politi og ambulanse skal takast med i utgreiinga

3. Status for framdrift i saka skal leggast fram for kommunestyret innan sommaren 2008 

4. Ordførar og varaordførar blir med i den administrative nemnda

Les heile saka her >>