Kampen om opprykk held fram for A-laget til Vestnes Varfjell når Gossen gjestar Vestnes idrettspark fredag. Kampen er flytta frå laurdag til fredag fordi gossingane skal på dans med Ole Ivars i kveld og derfor ikkje ville vere i kampform laurdag. Dansen er også grunnen til at kampstarten er også så tidleg som 17.00 slik at gossingane skal rekke heim til festen. Gossen ligg trygt plassert rundt midten av tabellen. Laget hadde spelefri sist etter at Sunndal 2 ikkje møtte. Med seier vil Vestnes Varfjell toppe tabellen etter at alle laga i toppen har spelt 17 kampar.
Møt opp og hei heimelaget fram til nye viktige poeng!