I 4. divisjon tok Rival 2 tre viktige poeng då laget slo Sunndal 2 3-2 på eige gras måndag. Rival 2 gjestar Vestnes idrettspark komande laurdag. På Åndalsnes gjekk heimelaget på sitt andre tap for sesongen, og igjen var det Træff 2 som vart for sterke. 2-1 vann laget frå Molde. Les refert i Åndalsnes Avis. Kretsen har no også gitt Bud tre poeng i kampen der Rival 2 ikkje kunne stille. Resultatet er sett til 3-0. Det gir denne tabellen >>


At Sunndal 2 stilte mot Rival 2 måndag tar vi som eit sikkert teikn på at laget har til hensikt å fullføre sesongen. Fredag greide dei for andre gong denne sesongen ikkje greide å stille lag. Det har ført til spekulasjonar om at dei står i fare for å bli kasta ut av serien. Her seier reglane at lag som ikkje møter to gongar vil bli diska, men det gjeld ikkje om laget har gyldige grunnar, slik som sjukdom og skadar.

Framleis står kampane ÅIF-Sunndal 2 og Midsund - Dahle 2 som utsett i kampoversikten til kretsen. Begge desse oppgjera blir truleg spelt seinare. Frå før er kampen KFK - Sunndal 2 avgjort av kretsen med tre poeng og seier 3-0 til heimelaget.