Tor-Bjarne Løvik Salte (t.h.) hadde sjansen til å redusere på straffespark. John Christian Ludviksen (t.v.) og Tommy Kanishi (bak).

(Elnesvågen - Vestnes Varfjell 2-0) To mål før pause avgjorde NM-kvalifiseringskampen. Vestnes Varfjell får ta med seg at dei ytte god motstand mot eit lag som er tippa heilt i toppen av årets 4. divisjon. 

Vestnes Varfjell starta friskt i medvinden i første omgang på Tornes andre påskedag. Laget kom likevel ikkje nærare enn eit lurt langskot frå Tor-Bjarne Løvik Salte som gjekk like utanfor.

Så viste ein gammal kjenning seg fram. Amund Stavem hadde skåra to av sine tre mål for Elnesvågen mot nettopp gamleklubben Vestnes Varfjell. Måndag kunne han plusse på med eitt til. Etter 25 minutt dukka han opp på bakre stolpe og sendte heimelaget i føringa. Galt vart til verre då Elnesvågen fekk tildelt straffespark ti minutt seinare. Høglytte protestar beit ikkje på dommar denne gongen heller og Martin Tornes Kjørsvik kunne sette inn 2-0 frå 11 meter.

 

Ti minutt etter pause var det Vestnes Varfjell som fekk straffespark. Tor-Bjarne Løvik Salte sette ballen lavt og hardt, men skotet traff dessverre berre stolpen. På returen varta heimelagets målvakt opp med ei feberredning, slik at det framleis sto 2-0.

Den stillinga heldt seg kampen ut. Dermed er Vestnes Varfjell ute av cupen. Elnesvågen møter Midsund i neste runde.

16 mann fekk speletid, der det var debut i obligatorisk kamp for Henrik Leao Tomren og Florian Hill.

Andre kampar i den kretsvise NM-kvalifiseringa endte slik: Måndalen - Averøykameratene 1-6 (spelt på Vestnes), Eide - Rival 9-1, Batnfjord - Surnadal 2-1

KAMPFAKTA

Elnesvågen -  Vestnes Varfjell 2-0 (2-0)

Kretsvis NM-kvalifisering, 1. runde

Måndag 6. april 2026 kl 15

Tornes kunstgras, 55 tilskuarar

Mål:

1-0 (26) Amund Stavem

2-0 (36) Martin Tornes Kjørsvik, straffespark

Gult kort: Egil Dalhaug (36) og Tor-Bjarne Løvik Salte (37), Sverre Olgar Lindset (88) Vestnes Varfjell. Martin Tornes Kjørsvik (53), Elnesvågen

Dommar: Jan Trygve Pedersen, Clausenengen Kristiansund

Assistentdommarar: Lars Emil Engen Ulleland, Skåla og Nathalie Lillevevang Haldorsen, Kårvåg/Havørn

Vestnes Varfjell (4-3-3): Egil Dalhaug (K): Torstein Væge Nekstad (Florian Hill 55.), Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, William Pedersen Hjelvik - Didrik Selnes Sæter (Knut Stian Eik 55.), Tor-Bjarne Løvik Salte (Håkon Ødegård Kjørvik 72.(, Sverre Olgar Lindset - Leo Villa Krogseth, Tommy Kanishi Andreassen (Henrik Leao Tomren 67.), John Christian Ludviksen (Magnus Nerheim 55.)