Seks mann skåra kvart sitt mål då Skåla/Langfjorden vart slått 6-1 i Vestnes idrettspark laurdag.
Dette var også siste treningskamp før seriestarten mot Kårvåg/Havørn/AK laurdag 18. april klokka 16.
Heimelaget gjekk rett i angrep mot samarbeidslaget frå Molde og Rauma som i fjor vann si avdeling i 6. divisjon, men tapte opprykket til 5. divisjon i kvalifiseringa. Sju minutt var spelt då Florian Hill vart spelt igjennom. Tyskeren sette inn sitt første mål for Vestnes Varfjell med ein kjipp forbi keeper. Gjestane rakk knapt å ta avspark før heimelaget var på farten igjen. Knut Stian Eik plasserte ballen forbi keeper til 2-1.
Skåla/Langfjorden kom litt betre med utover i omgangen, men Carlos Felipe Gonzalez i Varfjell-målet redda det eine skotet dei greide å løsne. I pausen kom gjestane bokstavleg talt ut med eit heilt nytt lag. Dei har to lag i 6. divisjon og bytta også dei oransje Skåla-draktene med raude Lanfjorden-drakter til andre omgang.
Også Vestnes Varfjell endra ein del på laget. Årets stall er stor og i slike kampar må mange få speletid. Ein som kom inn var Svein Erik Lange Male. Han fekk æren av å sette inn 3-0 på straffespark. Så var Florian Hill nær sitt andre mål, men vart akkurat hindra i det han skulle sette ballen over streken.
Skåla/Langfjorden reduserte så etter ein innlegg før heimelaget tok over fullstendig siste halvdel av omgangen. William Pedersen Hjelvik auka til 4-1 etter fint framspel av Elling Olafsen. Olafsen, Hjelvik og Kanishi hadde så kvar sin 100 prosent-sjanse før Leo Krogseth viste korleis det skulle gjerast med eit skot i krysset til 5-1. Odd Ludviksen avslutta skåringsballet med eit skot like før slutt.
Nesten 100 tilskuarar koste seg i vårsola. Forhåpentlegvis kjem alle tilbake til seriestarten. Den kampen er for øvrig flytta til 16.00 grunna sjøsettinga av Søblomsten tidlegare på dagen.
KAMPFAKTA:
Vestnes Varfjell - Skåla /Langfjorden 6-1 (2-0)
Treningskamp, laurdag 11. april 2026 kl 14.30
Vestnes idrettspark, 95 tilskuarar
Mål:
1-0 (7) Florian Hill
2-0 (8) Knut Stian Eik
3-0 (47) Svein Erik Lange Male, straffespark
3-1 (54)
4-1 (67) William Pedersen Hjelvik
5-1 (76) Leo Villa Krogseth
6-1 (87) Odd Ludviksen
Dommar: Simon Kråkenes, Vestsiden-Askøy
Assistentdommarar: Eirik Skar Hurlen, Vestnes Varfjell og Mads Aakvik, Molde FK
Gult kort: Leo Krogseth (39)
Vestnes Varfjell (4-3-3): Carlos Felipe Gonzalez: Torstein Væge Nekstad (William Hjelvik 46.), Vegard Ellingseter, Ørjan Tangen (Svein Erik Lange Male 46.), Håkon Kjørvik (Magnus Nerheim 46.) - Leo Krogseth, Sverre Lindset (Vegar Skare 67.), Casper Andreassen (Jo Sigurd Vold 46.) - Florian Hill (Odd Ludviksen 64.), Knut Stian Eik (Elling Olafsen 46.), Henrik Leao Tomren (Tommy Kanishi Andreassen 46.)