Knut Stian Eik skåra eitt av måla. Her frå fjorårets seriekamp mot Åndalsnes.

Det endte 3-3 i kveldens treningskamp mot Åndalsnes. Gjestane leia 3-1 ved pause i Vestnes idrettspark, men heimelaget snudde til uavgjort i andre omgang.Kampen var prega av vanskelege speleforhold med sterk vind og regn. 

Knut Stian Eik, Didrik Sæther og John Ludviksen var målskårarar.

Assistenttrenar Kristian Flittie Onstad oppsummerer kampen slik:

- Begredeleg første omgang der me ikkje gjorde noko av det me hadde avtalt. Me viser karakter og god moral i andre omgang og burde vunne kampen.

Lagoppstilling: Egil Dalhaug (K): Torstein Væge Nekstad, Svein Erik Lange Male, Cédrik Andreassen, Magnus Nerheim - Leo Krogseth, Ørjan Tangen - William Pedersen Hjelvik, Knut Stian Eik, Casper Andreassen - Henrik Leao Tomren

Inn 46. min: Tor-Bjarne Løvik Salte, Didrik Sæther, John Ludviksen

Inn 60. min: Håkon Kjørvik

Inn 70. min: Elling Olafsen