Eirik Tomren utlikna til 1-1. Her frå vårkampen.

(Sunndal - Vestnes Varfjell 2-2) Vestnes Varfjell tok med seg eitt poeng heim frå Sunndalsøra søndag etter 2-2 mot Sunndal i sesongens siste bortekamp. Eirik Tomren og  Tor-Bjarne Løvik Salte skåra for Vestnes Varfjell som med dette resultatet også er heilt sikre på å få spele 4. divisjon også neste sesong. - Alle elleve la ned ein fantastisk innsats i dag, seier oppmann Frode Lien til varfjell.no etter kampen.

Dei elleve som starta kampen spelte alle 90 minutta pluss tillegg i ein kamp som var flytta til kunstgras på grunn av mykje regn i det siste.

Eitt poeng ville vere nok til å halde Malmefjorden på trygg avstand før dei gjestar Vestnes i serieavslutninga laurdag. Sunndal tok leiinga ved Ivan Ndjoli etter ein corner midtvegs i omgangen. Eirik Leao Tomren svarte like etterpå med eit flott skot til 1-1. 

Like før pause tok vertane igjen føringa ved Petter Melkild då han raga høgast på ein corner. Igjen svarte Vestnes Varfjell, då Tor Bjarne Løvik Salte gjorde det same og heada inn ein corner i andre enden.

Vestnes Varfjell hadde dei største sjansane etter pause, og etter 85 minutt sette Magnus Nerheim ballen i nota etter innlegg frå Airidas Skirgaila, men vart avblås for offside.

- Den skal bli interessant å sjå opp att på video, seier oppmann Lien. 

Elles hadde laget ein dobbeltsjanse etter 78 minutt der Adrian Kosinski skaut  i krysstanga og ut i feltet frå ca 12 meter.

Sunndal hadde ein stor sjanse på slutten, men det vart ikkje fleire mål.

No ville tap uansett ikkje betydd noko sidan Malmefjorden "berre" greidde 0-0 i sin kamp mot Surnadal. Dermed er dei seks poeng bak før siste kamp. Vestnes Varfjell blir nummer 10 på sluttabellen.

Minst eitt lag rykker ned, det er klart etter KBK 2 også vart matematisk sikra framleis spel i 3. divisjon i helga. MFK 2 har vore sikre på å ikkje rykke ned lenge. Om det blir to lag ned avheng av om avdelingsvinnaren i 4. divisjon Nordmøre og Romsdal rykker opp.

Malmefjorden (eller Hjelset-Kleive) må no håpe at vinnaren av avdelinga slår vinnaren på Sunnmøre i kvalifiseringa for 3. divisjon.  Heile tabellen

Opp frå 5. divisjon kjem Averøykameratene, som vann alle sine kampar, og KFK/CFK. Sist nemde slår seg no saman og skal heite Fotballklubben Clausenengen Kristiansund (FCK).

KAMPFAKTA 

Sunndal - Vestnes Varfjell 2-2 (2-2)

4. divisjon Nordmøre og Romsdal, søndag 15. oktober 2023 kl 15

Sunndal kunstgress, 100 tilskuarar

Mål:

1-0 (23) Petter Blekken Melkild

1-1 (25) Eirik Leao Tomren

2-1 (40) Ivan Iyanga Ndjoli

2-2 (44) Tor-Bjarne Løvik Salte

Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive. Assistentdommarar: Kåre Bergset, Elnesvågen og Tygve Haugen Enaasen, Tingvoll

Gult kort: Tor-Bjarne Løvik Salte (31), Vestnes Varfjell. Simen Larsen (34), Oskar Sandvik (50), Eskil Lie (52), Watchara Lang Valset (65), Sunndal

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Hjelme Connor - Cedric Ronnie Hellström Andreassen, Airidas Skirgaila, Svein Erik Lange Male, Tor-Bjarne Løvik Salte - Magnus Nerheim, Leo Villa Krogseth, Lars-Helgen Lien - Eirik Leao Tomren, Elling Furland Olafsen, Adrian Kosinski.