(Vestnes Varfjell - Malmefjorden 1-4) Vestnes Varfjell tok leiinga i årets siste seriekamp, men så vart laget igjen offer for personlege feil. Til slutt rodde gjestane seieren i land med musklar og rutine mot eit heimelag som på det meste hadde fem spelarar frå G16 på bana samtidig.
BILDEGALLERI UNDER
Heimelaget hadde ein del tunge forfall til denne kampen, mellom andre Tor-Bjarne Løvik Salte (karantene) og Adrian Kosinski, og på toppen skada Magnus Nerheim seg under oppvarminga.
Etter ei bedageleg opning i fint, men kaldt haustver, åpna Amund Stavem skåringane i Vestnes idrettspark. Kapteinen vart spelt igjennom etter ein flikk frå Eirik Leso Tomren og sette ballen elegant forbi keeper.
Dessverre greidde ikkje heimelaget å halde på leiinga lenga, for berre tre minutt seinare var Malmefjorden først på ein retur frå keeper og laga var like langt.
Gjestane frå Hustadvika burde helst vinne for å vere heilt sikre på å halde Hjelset-Kleive bak seg og dermed framleis ha eit håp om å stå i divisjonene. Det gher dei dersom avdelingsvinnar Træff 2 (Surnadal om Træff rykker ned frå Post Nord-ligaen) slår Sunnmørs-vinnar Herd i kvalifisiseringa om opprykk til Norsk Tipping-ligaen 3. divisjon.
Ti minutt av andre omgang var nok til å avgjere dette. Då fekk gjestane lett spel to gongar og innbyttar-keeper Egil Dalhaug måtte plukke to ballar ut av nettet.
Heimelaget kom seg etter dette, men spelande trenar på bortelaget, Torstein Jelsa, sto ein praktkamp i mål og redda det som kom. Eirik Leao Tomren prøvde seg med eit skot, medan Svein Erik Lange Male og Leo Krogseth var involvert i ein dobbeltsjanse. Så lada Noah Johannes Johansen skotfoten, men igjen var keeperen med på notane.
Kampen vart punktert kvareret før slutt då ei avslutning frå død vinkel på fornurleg vis trilla forbi fleire spelarar og over streken.
Det vart ein kamp der mange fekk speletid, og til slutt fekk også målvakt Owen Connor prøve seg som spiss. På dette tidspunktet låg Hjelset-Kleive unde rmed mange mål mot Surnadal slik at dei uansett ikkje hadde sjanse til å ta att Malmefjorden.
Sverre Olgar Lindset fekk sin A-lagsdebut, som den åttande denne sesongen.
No startar førebuningane mot neste sesong i 4. divisjon.
KAMPFAKTA:
Vestnes Varfjell - Malmefjorden 1-4 (1-1)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, laurdag 21. oktober 2023 kl 15
Vestnes idrettspark, 60 tilskuarar
Mål:
1-0 (28) Amund Stavem
1-1 (31) Fredrik Røvik Eidskrem
1-2 (50) Bjørn André Monsen
1-3 (52) Mads Soth Mikkelsen
1-4 (76) Bjørn André Monsen
Dommar: Per Ivar Skrøvset, Bøfjord. Assistentdommarar: Eirik Stenberg og Oliwier Grzegorz Dueter, Elnesvågen
Gult kort: Lars-Helge Lien, Vestnes Varfjell (32) og Markus Svensli Flo, Malmefjorden (85)
Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Hjelme Connor (Egil Dalhaug 46.), Airilas Skirgaia (Cédrik Ronnie Hellström Andreassen 46.), Svein Erik Lange Male, Arjan Elias Furland Sylte, Lars-Helge Lien - Leo Villa Krogseth (Andreas Hamnes Lønset 71.), Amund Stavem (k), Didirk Selnes Sæter (Magnus Skorgen Søraas 75.) - Noah Johannes Johansen (Sverre Olgar Lindset 46.), Elling Furland Olafsen (Noah Johannes Johansen 59., Owen Hjelme Connor 82.), Erik Leao Tomren
BILDEGALLERI: