(Vestnes Varfjell - Åndalsnes 1-2) Vestnes Varfjell gjorde eit heilhjarta forsøk på å ta poeng mot eit av dei store formlaga i divisjonen, men alle poenga vart med gjennom tunnelane tilbake til Åndalsnes. Elling Olafsen reduserte på overtid, men det var også det siste som skjedde i kampen.
BILDEGALLERI UNDER:
Gjestane frå Åndalsnes har feid over det meste av motstand i 4. diivsjon i haust. For heimelaget har formtabellen hatt mosatt forteikn, med tap etter tap. Det var derfor eit heimelag fast innstilt på å stoppe tapsrekka som entra Vestnes idrettsoark denne sure haustkvelden.
Dessverre gjekk det berre tre minutt før gjestane fekk utteljing. Eit innkast inn i feltet hamna etter kvart hjå Edvard Sætre fekk finsikte frå kloss hald og fann ei opning mellom keeper og stolpen.
Amund Stavem kunne utlikna etter 12 minutt då han drog seg fri innanfor 16-meteren, men avslutninga gjekk like utanfor. Svein Erik Lange Male kom også nære med ei heading etter eit frispark.
Det var også det heimelaget hadde å varte opp med før pause. For det var gjestana som skapte flest sjansar, men heller ikkje dei greidde å treffe innanfor stengene. 0-1 etter halvspelt kamp.
Heimelaget kom meir med i andre omgang, utan at det ofte vart farleg framom ÅIF-målvakta. Olav Haugland sendte eit frispark like over for gjestane, medan Eirik Tomren skaut rett på keeper i andre enden. Også Adrian Kosinski kom igjennom, men eit ÅIF-bein sto i vegen.
Det vart mykje duellar og kjemping utover i omgang, der heimelaget sleit med det avgjerande trekket. ÅIF hadde også eit par sjansar med skot like over og ei god redning frå Varfjell-målvakt Owen Connor.
Då Varfjell sendte fram meir folk i eit siste sluttforsøk, kontra i staden gjestane inn 2-0 ved Ronald Dutra Paiva. Då var det spelt tre minutt av overtida. Minuttet var Elling Olafsen sist på ballen etter at Amund Stavem slo eit frispark inn i feltet. Etterpå båste dommaren av kampen.
ÅIF var det beste laget, men litt marginar med seg kunne Varfjell ha fått noko ut av denne kampen.
Neste kamp er borte mot Sunndal søndag .
KAMPFAKTA:
Vestnes Varfjell - Åndalsnes 1-2 (0-1)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 6. oktober 2023 kl 19
Vestnes idrettspark, 75 tilskuarar
Mål:
0-1 (4) Edvard Sætre
0-2 (90 + 3) Ronald Dutra Paiva
1-2 (90 +4) Elling Olafsen
Dommar: Magnus Smørdal, Molde
Assistentdommarar: Eren Aksyoy, Molde og Kåre Bergset, Elnesvågen
Gult kort: Amund Stavem (51) og Vegar Skare (87j, Torjus Rødstøl, ÅIF (61)
Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor; Simon Kjørvik (Cédrik Andreassen 83.) Svein Erik Lange Male, Tor-Bjarne Løvik Salte, Magnus Nerheim (Vegar Skare 75.) - Leo Krogseth, Amund Stavem (k), Lars-Helge Lien (Lucas Pedersen Våge 62.) - Eirik Leao Tomren, Adrian Kosinski, Elling Olafsen
BILDEGALLERI (klikk på eit bilde for å starte lysbildeframsyning)