Ei skåring av tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Glenn Stenødegård etter fem minutt var nok til å avgjere nabo-oppgjeret i 5. divisjon pinaseaftan.
Dermed sikra heimelaget Tomrefjord alle tre poenga og klatra forbi Måndalen / Vestnes Varfjell 2 på tabellen, der begge har plassert seg på nedre halvdel.
Stenødegård er ein av fleire som har skifta frå mørkeblått til gult. Også Cedrik Andreassen og Eirik Leao Tomren har returnert over Furlandsmyrane i løpet av vinteren.
Me merkar oss at Svein Erik Lange Male var med. Han fekk ballen i mål på overtid, men vart avvinka for offside.
Troppen besto elles av den faste gjengen som spelar på 5.-divisjonslaget pluss nokre av måndalingane i A-stallen:
1 Lars Håvard Heen Lien
2 Henrik Samseth
4 Svein Erik Lange Male
14 Lucas Vold Moen
20 Rudi Talberg Samseth Kaptein
23 Theodor Ekroll
5 Arjan Elias Furland Sylte
6 Adrian Voldseth
7 Ola Mittet Farkvam
8 Fredrik Lie
9 Eirik Skar Hurlen
16 John Villa Krogseth
17 Preben Moen Volle
10 Kristoffer Nikolaisen
19 Truls Brudeseth Dybvik
21 Andreas Hole
27 Jon Areas Venås