Elling Olafsen prøver å vinne eit framspel. Dei andre Varfjell-spelarane på bildet er Ørjan Tangen (6), Fredrik Lie (17 ) og Sverre Lindset (11).

(Averøykameratene - Vestnes Varfjell 1-0) Vestnes Varfjell gjekk på sitt fjerde eittmålstap då laget måtte reise frå Averøya utan poeng fredag. Igjen hadde ikkje laget marginane med seg. Eit susande langskot frå kaptein Tommy Kanishi Andreassen kunne vore nok til å sikre poeng, men typisk nok gjekk den frå tverrliggaren og ned på streken.

Sjå sjansen her (skjermvideo frå sendinga til Direktesport) pluss eit par andre glimt frå kampen:

AK avgjorde kampen på ein corner midtvegs i andre omgang. Trenar Odd Hjelvik var skuffa etter kampen, men forsikrar at laget ikkje har gitt opp trass i mager poengfangst og svak tabellplassering.

- Me er med i alle kampane. No gjeld det å halde humøret i laget oppe og satse på at kampane skal bikke i vår favør etter kvart, seier Hjelvik til Varfjell.no.

Han slit i tillegg med å kunne stille med fullt mannskap.

- Eg har vel aldri trent eit lag med så mange småskadar, seier trenaren.

Mot AK var mellom andre Simon Kjørvik fråverande.

Heimelaget hadde den første sjansen på ei strøken grasbane, men Svein Erik Lange Male fekk rydda unna på strek.  Kampen jamna seg etter kvart ut. Tommy Kanishi tok tak for bortelaget, og det var kapteinen som sto for omgangens høgdepunkt. 12 minutt var spelt då han tok ned ballen på halvspretten og brente laus frå rundt 30 meter. Ballen small i tverrliggaren, men dessverre spratt ballen truleg ikkje langt nok over på rett side av streken. 

AKs forsøk gjekk som regel over eller utanfor. Farlegast vart det då dei ein gong greide å lure seg bak det solide Varfjell-forsvaret, men keeper Egil Dalhaug rydda opp. Varfjell hadde eit par nestensjansar på corner, men det sto 0-0 ved halv tid.

Andre omgang heldt fram i stort sett same spor. Heimelaget fekk ha ballen mest utan å skade det store. Varfjell satsa på ein meir direkte fotball og gripe dei sjansane som dukka opp. Innbyttar Odd Johann Ludviksen var nære skåring på si gamle heimebane då han ikkje rakk fram på eit frispark frå Kanishi.

Heimelaget verka å ikkje finne ut av det godt organiserte forsvaret til gjestane, men på ein corner fann dei ei opning. Ballen hamna i returrommet der Ola Husby fekk tid til å sikte og sende av garde eit velplassert skot til leiing 1-0.

Vestnes Varfjell måtte no framover på banen, der også Svein Erik Lange Male vart flytta opp i eit forsøk på å utlikne. Elling Olafsen hadde eit skotforsøk, men først på eit frispark på overtid kom det ein verkeleg god sjanse. Ballen hamna hos Kanishi, men skotet gjekk dessverre over. AK kunne også ha auka då dei kontra og sette ballen i stolpen. Kampen ebba ut på 1-0.

Neste kamp er heime mot Sunndal om dei veke. Der er også siste heimekamp før ferien.

KAMPFAKTA:

Averøykameratene - Vestnes Varfjell 1-0 (0-0)

4. divisjon Nordmøre og Romsda, fredag 13. juni 2025 kl 19

Bruhagen stadion, 70 tilskuarar

Mål:

1-0 (70) Ola Husby

Dommar: Simon Smørholm-Sandvik, Elnesvågen.  Ass.dommarar: Kåre Bergset, Elnesvågen og  Mohamed Riad Suliman Aldurafi, Sunndal

Gult kort: Leo Krogseth

Vestnes Varfjell (5-3-2): Egil Dalhaug; Sverre Lindset, Ørjan Tangen, Kristian Flittie Onstad, Svein Erik Lange Male, Rudi Samseth - Fredrik Lie (Jon Venås 78.), Tommy Kanishi Andreassen (k), Leo Krogseth (Håkon Kjørvik 88.) - Jon Venås (Odd Johann Ludviksen 37. (Teodor Johansen 70.), Elling Olafsen

Nokre bilde frå kampen: