(Vestnes Varfjell - Stordal / Ørskog 0-3) Gradestokken viste minus 10 grader, men det hindra ikkje Vestnes Varfjell og Stordal/Ørskog å gjennomføre årets første treningskamp. Gjestane frå andre sida av Ørskogfjellet var best organisert i ein kamp der heimelaget stilte med ein veldig ung tropp.

Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor vart nok ikkje så mykje klokare etter denne kampen, men hovedmålet var då også å få ei god treningsøkt mot god motstand. Kampen var utsatt frå måndag, og langs bana kunne ein sjå kvifor: store haugar med snø. Ti minusgrader sette naturleg nok sitt preg på kampen, men banemannskapet hadde jobba godt for å gjere underlaget mjukt og spelbart.

Både Stordal og Ørskog var gjengangarar som treningskampmotstandarar for nokre år sidan, men då kvar for seg. No har dei to tidlegare rivalane slått kreftene saman. Resultatet har blitt eit velspelande lag som feide gjennom 4. divisjon på Sunnmøre i fjor. 0-1 kom likevel etter ei gavepakke frå heimeforsvaret etter ti minutt. 0-2 kom på ei kontring like før pause. Ein god Egil Dalhaug hindra fleire baklengsmål i ein omgang der Vestnes Varfjell hadde eit par store sjanar som kunne gitt utteljing: Heading over frå Andreas Lønset og skot over frå Elling Olafsen.

Owen Connor tok opp hansken i andre omgang, men trass fleire gode redningar var det Vestnes Varfjell som førte banespelet no. Heimvendte Daniel Gravdehaug sette med ein gong meir fart i heimelagets angrep. Det vart likevel berre nesten, mellom anna i form av ein god parade av Stordal/Ørskog målvakta og eit skot i nettveggen frå Simon Kjørvik. Stordal / Ørskog auka i staden til 3-0 på eit flott langskot etter 33 minutt. Elling Olafsen kom nærast redusering med to skot i tverrliggaren, det siste like før full tid.

Unggutane vil nok også sette sitt preg på laget i år, men nokre "tunge" fråfall i denne kampen vil nok også melde seg på når alvoret startar.

Mange av dei som var med i kveld skal ut i tellande kampar snart. G16 møter Åndalsnes borte i NM-kvalifisering laurdag. Neste laurdag er det G19 sin tur, då er motstandar Elnesvågen heime  Vestnes idrettspark.

Daniel Gravdehaug tilbake i marineblått.

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Stordal / Ørskog 0-3 (0-2)

Treningskamp, onsdag 7. februar 2024 kl 19

0-1 (10) Vebjørn Nakken

0-2 (45) Mathias Nesvik

0-3 (67) Geir Marius Øie

Vestnes idrettspark, 10 tilskuarar

Dommar: Ole Håkon Lien, Vestnes Varfjell

Ingen kort

Laget (med atterhald om feil): Egil Dalhaug (Owen Connor 46.), Lucas Våge, Arjan Sylte (Svein Erik Lange Male 46.), Cédrik Andreassen (k) (Magnus Søreng 75.), Simon Kjørvik (Leon Botnvik 77.) - Andreas Lønset,  Didrik Sæter, Sverre Lindset (Daniel Gravdehaug 46.) - Leo Krogseth, Elling Olafsen, Leon Botnvik (Eirik Tomren 46. (Leon Botnvik 50. (André Sunde 70.))