(Vestnes Varfjell - Træff 2 0-4) To mål i kvar omgang gav fortent borteseier då Træff kom over fjorden med sine 2.-divisjonsreserver fredag kveld. BILDEGALLERI UNDER:
Heimelaget vart pressa bakpå frå start av topplaget, og før det var spelt tre minutt låg ballen i nota. Sivert Røberg kom fri og avslutta med eit skot forbi keeper. Træff hadde sjansar til fleire mål i starten av kampen. Martin Kjørsvik, som har bøtta inn mål for Molde 2 og spelt mykje frå start for Træff i 2. divisjon, forsøkte seg fleire gongar, men Connor rydda opp.
Då Træff ikkje greide å skåra etter eige spel, fekk dei hjelp frå heimelaget. Ei feilpasning på midtbanen førte til ei kontring og Tim Pabillaran Haugen kunne lett sette 0-2 forbi keeper.
Det gjekk 20 minutt før Varfjell kom seg til ein halvsjanse. Fleire spelarar forsøkte seg før ballen hamna hos Vegar Skare som brente til frå 16 meter. Dessverre sto Træff-målvakta i vegen. Rett før pause hadde Svein Erik Lange Male eit godt forsøk på ei heading, men det sto 0-2 ved halv tid.
Kjørsvik gav seg etter ein omgang, berre for at ein annen gjengangar på A-laget, Kristian Selmer, skulle få ta over stafettpinnen. Den tidlegare Kongsvinger-spelaren skapte trøbell for Varfjell-forsvaret med ein gong, men avslutta anten over eller Owen Connor hadde kontroll. Connor varta mellom anna opp med ei dobbeltrening rett etter pause.
Heimelaget spelte seg opp utover andreomgangen. Adrian Kosinski var på veg igjennom etter sju minutt, men vart stoppa i det siste trekket. Så hadde Elling Olafsen og Svein Erik Lange Male kvar si heading over på corner.
I staden for redusering avgjorde Træff 2 kampen definitivt med to nye mål i løpet av to minutt. Jonas Antonio Halsne, med fortid i mellom anna Viking og Egersund, skapte mykje trøbbel for Varfjell-forsvaret og var sist på ballen då Træff igen utnytta slurv frå Varfjell og kontra inn 0-3. Så fekk nemde Selmer stå aleine og prikke inn 0-4 like etterpå.
Då lagoppstillingane var klare, var det å håpe at dei 4-5 mest A-lagsaktuelle ikkje skulle spele så mykje med tanke på at Træff har viktig kamp i 2. divisjon alt søndag. Træff 2 har også stilt med nesten reine juniorlag i det siste. Dessverre ville tydeligvis A-lagstrenar Øyvind Høgmo (son av Per-Mathias) sjå mest mogleg av dei som aspirerer til plass på førstelaget. Først det siste kvarteret vart det bytta slik at det ikkje lenger var "feige" lag. Då var det for seint.
Elling Olafsen jobba godt gjennom heile kampen og kunne fått ei redusering på slutten, men det heile kokte bort då han ikkje fekk avslutta og i staden forsøkte å sentre til ein medspelar. Dermed ebba kampen ut med tap 0-4.
På eit heimelag mellom anna utan kaptein Amund Stavem, vart det speletid for to frå G16. Didrik Sæter starta, medan Noah Johansen kom innpå.
Lars-Helge Lien var tilbake etter å ha vore ute med sjukdom i tre veker. Cederik Andreassen var tilbake i troppen for første gong denne sesongen.
Elnesvågen borte er neste kamp, laurdag 30. september kl 15.
KAMPFAKTA:
Vestnes Varfjell - Træff 2. lag 0-4 (0-2)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 22. september 2023 kl 19
Vestnes idrettspark, 90 tilskuarar
Mål:
0-1 (3) Sivert Røberg
0-2 (28) Tim Pabillaran Haugen
0-3 (68) Jonas Antonio Halsne
0-4 (70) Kristian Thorsheim Selmer
Dommar: Kurt Einar Ansnes, Kvass/Ulvungen
Assistentdommarar: Modolf Holm (Isfjorden IL) og Kåre Bergset (Elnesvågen)
Gult kort: Kurt Bellingmo, Træff 2 (50)
Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connr: Leo Krogseth (Ørjan Tangen 70.), Svein Erik Lange Male (k), Magnus Nerheim (Airidas Skirgaila 81.), Lucas Våge - Vegar Skare (Noah Johannes Johansen 58.), Didrik Sæter (Lars-Helge Lien 62.), Tor-Bjarne Løvik Salte - Eirik Leao Tomren, Elling Olafsen, Adrian Kosinski
BILDEGALLERI (klikk på eit bilde for å starte gallerivisning)