Airidas Skirgaila blir gratulert etter å ha sendt Vestnes Varfjell i leiinga.

(Elnesvågen - Vestnes Varfjell 3-2) Airidas Skirgaila sendte Vestnes Varfjel i føringa borte mot Elnesvågen, men tabellnaboen kom sterkt tilbake og snudde kampen med to kjappe skåringar i første omgang. Begge lag skåra eitt kvar etter pause, men reduseringa frå Magnus Nerheim kom litt for seint til å skape ny kamp om poenga.

Bortelagets buss med "Tornes Bussreiser" på sida var på heimebane denne laurdagen, då Elnesvågen og Omegn hadde flytta kampen til "omegnet" sitt, nemleg Tornes. Kunstgraset egna seg nok betre enn graset i kommunesenteret, sjølv om regnet stort sett heldt seg borte.

Vestnes Varfjell kom for å stoppe ei lang tapsrekke og lukkast med mykje i starten. Airidas Skirgaila hadde fått sjansen frå start og han takka for tillitten med å sende gjestane i føringa etter eit gjennomspel før ti minutt var spelt. Då hadde Elling Olafsen alt hatt eit bra forsøk som keeper redda.

-- Starten av kampen var bra, då greide me å følge kampplanen, oppsummerte trenar Alexander Connor etter kampen.

Like fornøgd var han naturleg nok ikkje med resten av første omgang. Då var Elnesvågen litt for ofte først på ballen og tok gradvis over i banespelet. 1-1 kom etter eit langt framspel som vart heada i mål. Så sat ballen i nota igjen etter eit innlegg på bakre stolpe, alt i løpet av fem minutt rundt halvtimen. Innimellom hadde Skirgaila sjansen til å bli tomålsskårar, men avslutninga strauk utanfor.

Rett før pause heada Elling Olafsen over, men vart uansett avvinka for offsiden, medan Owen Connor fekk hansken på eit godt langskot frå heimelaget.

Varfjell hadde fordelen av medvind i andre omgang, men det var Elnesvågen som skapte dei første store sjansane etter ti minutt då det siste av fleire skotforsøk hamna rett på keeper Connor. 3-1 kom etter 20 minutt etter eit framspel i bakrom og avslutning i tomt mål bak ein utrusande keeper.

Omgangen hadde sjansar til begge lag. Elnesvågen hadde ei avslutning i stolpen, mens Vestnes Varfjell-kaptein Amund Stavem sendte i veg eit overraskande langskot som gjekk like utanfor stolperota.

Varfjell greide å presse heimelaget bakpå mot slutten og etter litt om og men kunne Magnus Nerheim presse ballen over streken til redusering. Enno var det litt tid att, men ikkje nok til å skape noko meir. Dermed vart det nok ein dag utan poeng for dei mørkeblå.

Kaptein på G16, Andreas Hamnes Lønset, fekk sin debut og greide seg bra då han kom innpå i andre omgang. Cedrik Andreassen sesongdebuterte og viste at han blir ein viktig tilvekst med kompromisslause taklingar. 

Neste sjanse til poeng kjem fredag, då er formlaget Åndalsnes gjestar i Vestnes idrettspark.

KAMPFAKTA

Elnesvågen - Vestnes Varfjell 3-1 (2-1)

4. divisjon Nordmøre og Romsdal, laurdag 30. september 2023 kl 15

Tornes kunstgrasbane, 60 tilskuarar

Mål:

0-1 (8) Airdas Skirgaila

1-1 (24) Robin-Aleksander Bergseth

2-1 (30) Per Ole Tveraas

3-1 (64) Per Ole Tveraas

3-2 (90) Magnus Nerheim

Dommar: Eren Aksoy, Molde. Assistendommarar: Roe Lien, Malmefjorden og Bjørn-Tore Hoseth, AK

Gult kort: Svein Erik Lange Male (35), Vestnes Varfjell, Jakb Løseth (69) og Mathias Johansen (90), Elnesvågen

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor; Simon Kjørvik (Cédrik Andreassen 46.), Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim, Lars-Helge Lien (Arjan Sylte 86.) - Leo Krogseth (Noah Johansen 79.), Amund Stavem (k), Eirik Leao Tomren - Airidas Skirgaila ( Andreas Lønset 59.), Elling Olafsen, Adrian Kosinski

Andreas Lønset (bakerst) fekk sin debut Cédrik Andreassen sesongdebuterte.