(Eide - Vestnes Varfjell 3-1) Elling Olafsen reduserte etter pause og Vestnes Varfjell jaga det som ville blitt eit sterkt bortepoeng mot formsterke Eide. Dessverre auka Eide i staden etter ein uheldig retur får keeper. Dermed vart det berre nesten i ein kamp der Varfjell hadde ballen mest, men der heimelaget var farlegast framom mål.
To lag med ulik forutvikling møttes på Eide fredag kveld. Vestnes Varfjell hadde tapt sine tre siste medan heimelaget jakta sin femte strake seier etter å ha slått Surnadal borte sist.
Bortelaget opna nervøst og alt etter tre minutt låg ballen i nota, men Eide-spelaren sto i offiside. 1-0 kom likevel like etterpå då avslutninga frå Abraham jr Johnny sneik seg inn via hansken til Owen Connor i Varfjell-målet.
Eide la seg bakpå og lot Vestnes Varfjell ha ballen mest. Det resulterte dessverre berre i nokre nesten-sjansar. Magnus Nerheim sendte i veg eit skot som gjekk mellom fingrane på keeper og i tverrliggaren. Elles noterte me ei farleg headin frå Tor-Bjarne Løvik Salte etter ein corner, eit frispark frå Amund Stavem som nær hadde funne Vegar Skare i skåringsposisjon, Svein Erik Lange Male som berre fekk avslutta rett på etter ein corner og ein annan corner som gjekk rett gjennom feltet, men der Elling Olafsen ikkje fekk hovudet på ballen. Altså mest nesten for bortelaget.
Heimelaget var langt giftigare når dei kom på kontringane dei hadde lagt opp til og som Vestnes Varfjell gav dei gjennom feilpasningar på midten. Offsideflagget redda Varfjell ein gong til før Abraham jr Johnny ikkje let seg be to gongar då han fekk ballen innanfor 16-metere og sette ballen i via beina til Connor. Dermed 2-0 til pause.
Sjå video av målet her filma av Eide på X
Kampbildet heldt fram i andre omgang, og etter ti minutt reduserte Elling Olafsen. Den gamle storskåraren fekk plutseleg fritt leide og avslutta med eit knallhardt skot forbi keeper. Så var Abrham jr farleg frampå igjen for vertane, før Amund Stavem skaut rett på keeper frå kloss hald etter innlegg frå Magnus Nerheim. Så måtte Owen ut i full strekk for å hindre ny Eide-skåring, men det låg ei utlikning i lufta sett med Varfjell-auge. Det var nærmed då Eirik Leao Tomren la til rette for Leo Villa Krogseth, men avslutninga vart for svak og gjekk rett på keeper.
Sjå video av målet her filma av Eide på X
I staden fekk heimelaget 3-1 servert då keeper var uheldig og gav ein retur. Like etter gjorde Connor det godt att med ei reaksjonsredning.
Då var det enno eit kvarter att å spele, men heimelaget hadde etter kvart kontroll. Nærast ny redusering kom Olafsen då han lada storslegga, men skotet frå 20 meter gjekk like over.
Uansett var det ein del positivt å ta med seg frå denne kampen inn mot serieavslutninga der Træff 2 heime fredag er neste kamp.
KAMPFAKTA
Eide og Omegn - Vestnes Varfjell 3-1 (2-0)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 15. september 2023 kl 19
Eide kunstgressbane, 130 tilskuarar (4 Vestnes)
Mål:
1-0 (4) Abraham jr Johnny
2-0 (44) Abraham jr Johnny
2-1 (50) Elling Olafsen
3-1 (72) Laars Joar Inderberg
Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive
Assistentdommarar: Harald Vebenstad, Averøykameratene og Bjørn Enaasen, Clausenengen
Gult kort: Tor-Bjarne Løvik Salte
Vestnes Varfjell (3-5-2): Owen Connor: Ørjan Tangen (Justin Sætre 56.), Tor-Bjarne Løvik Salte, Svein Erik Lange Male - Magnus Nerheim - Leo Villa Krogseth, Vegar Skare (Didrik Sæter 78.), Amund Stavem (k), Eirik Leao Tomren, Magnus Nerheim (Arjan Sylte 80.) - Elling Olafsen, Adrian Kosinski