(FCK - Vestnes Varfjell 7-2) Vestnes Varfjell skåra først i begge omgangar, men det hjalp lite så lenge laget igjen var lekk bakover. Heimelaget FCK tok dermed alle tre poenga i botnoppgjeret.
Trenar Alexander Connor var skuffa etter kampen.
-- Igjen slepp me inn altfor mange lette mål. FCK får mål på «alt» samtidig som me igjen er ineffektive.
Vestnes Varfjell la seg lavt frå start på ærverdige "Idrett" i Kristiansund. Heimelaget fekk trille ball i starten utan å skape det heilt store. Det var dermed mot spelets gang då Vestnes Varfjell tok leiinga etter eit kvarter. Lars-Helge Lien slo fram til Noah Johansen som runda FCK-forsvaret og sette inn 0-1 forbi keeper.
Dessverre varte ikkje leiinga berre eit kvarter og FCK utlikna med eit skot forbi keeper før dei auka til 3-1 på eit susande langskot heilt oppe i krysset. 3-1 kom på ei heading etter innlegg og 4-1 etter at ein FCK-spelar lurte seg inn i bakrommet. Dermed sto det heile 4-1 ved halv tid og Vestnes Varfjell hadde nok å snakke om i pausepraten.
Vestnes Varfjell kom utpå i andre omgang fast bestemt på å gje det eit forsøk, og det såg lenge bra ut. Magnus Nerheim hadde sjansen med ein gong, men skotet vart for løst. Reduseringa kom likevel like etter då innbyttar Knut Stian Eik fekk krangla ballen over streken til 4-2. Så hadde Magnus Nerheim sjansen igjen, men denne gongen vart han hindra av ei god keeper-redning. På den påfølgande corneren hadde Svein Erik Lange Male sjansen, men skotet gjekk i "blokka".
I staden for 4-3 og ny spenning var det FCK som skåra kampens neste mål frå kloss hald.
Varfjell gav likevel ikkje opp og Male vart flytta fram for å skape litt meir trykk på heimelaget. Bortelaget skapte ein del halvsjansar og fekk også fleire frispark frå farleg posisjon utan at det vart fleire skåringar.
Det gjorde heimelaget som greip sjansen omtrent kvar gong den kom: Først kom dei lett igjennom til 6-2 og så 7-2 på ei heading etter corner.
Neste kamp er heime mot Malmefjorden fredag.
KAMPFAKTA:
FK Clausenengen Kristiansund - Vestnes Varfjell 7-1 (4-1)
Kristiansund kunsgress (Idrett), 50 tilskuarar
Mål:
0-1 (15) Noah Johansen
1-1 (30) Jørgen Bach
3-1 (34) Edvard Hoem Karlsen
4-1 (43) Adam Leander Skogseth Bjøringsøy
5-2 (58) Edvard Hoem Karlsen
Dommar: Roe Vidar Lien (Malmefjorden Idrettslag)
Ass.dommar 1: Fredrik Røstberg (Sportsklubben Rival)
Ass.dommar 2: Johannes Dahlberg (Frei Fotballklubb)
Vestnes Varfjell (4-3-3):
12 Egil Dalhaug
17 Leo Villa Krogseth
23 Svein Erik Lange Male
95 Tor-Bjarne Løvik Salte
66 Lars-Helge Lien
9 Magnus Nerheim
80 Tommy Kanishi Andreassen
10 Amund Stavem (k)
18 Eirik Leao Tomren
7 Elling Furland Olafsen
27 Noah Johannes Johansen
Innbyttarar:
14 Knut Stian Eik 46. min for Tomren
19 Arjan Elias Furland Sylte 79. min for Nerheim
24 Didrik Selnes Sæter 70. min for Johansen
28 Sverre Olgar Lindset 79. min for Kanishi
4 William Pedersen Hjelvik (strøket)
11 Teodor Elias Johansen (strøket)
15 Magnus Skorgen Søraas (strøket)