(Vestnes Varfjell - Sunndal 0-3) Vestnes Varfjell hadde sjansen til å gå til ferien med sin andre heimeseier på rad, men endte i staden opp med å tape 0-3 for tabellnabo Sunndal. To frispark og eit tabbemål vart avgjerande. Laget hadde sine sjansar, særleg før pause og på slutten, men det ville seg ikkje i kveld.
Eit ferieforsterka gjestelag fekk dermed revansj frå serieopninga då Vestnes Varfjell vann med tilsvarande sifre i Sunndal.
Sunndal starta kampen med å ha ballen mest, men utan å skape all verden.
Elling Olafsen var tilbake frå karantene og det var han som skapte sjansane for heimelaget. Eit kvarter var spelt då han lada slegga frå 20 meter, men Sunndal-keeper Sondre Ranheim Sæther varta opp med ei feberredning og hindra 1-0.
Så vart Lars-Helge Lien felt, men i staden for straffe trakk dommar Sorthe det ut på 16-meterstreken. Vieopptaket viser at det nok var feil,. Amund Stavem sjansen på eit frisparket, men igjen var keeper med på notane.
Vestnes Varfjell mangla keeper til denne kampen grunna ferie og skade, og hadde fått hjelp av samarbeidsklubben Måndalen til å løyse det problemet. Tinus Hustad fekk dermed sin Vestnes Varfjell-debut. Han måtte i aksjon med ein inngripen etter 20 minutt, men hadde elles lite å gjere før pause.
Etter halvtimen fekk gjestane frispark. Det sette kaptein Petter Blekken Melkild rett i mål til 0-1.
Varfjell pressa på inn mot pause, og Olafsen kom svært nærme utlikning to gongar. Først på eit skot som keeper redda, så ein trippelsjanse der målvakta til slutt fekk snappa ballen. Eirik Tomren hadde også sjansen på ein corner, men ballen ville ikkje over streken.
Sunndal-keeperen var forskjellen på laga i første omgang.
Andre omgang starta på uheldig vis for heimelaget, der Sunndal kunne auke til 2-0 for ope mål etter ein svikt mellom forsvar og keeper. Hudson Hammerbekk Lewis var sist på ballen. Galt vart til verre då Sunndal igjen utnytta ein dødball og Oskar Vatne Sandvik kunne heade vidare i mål eit frispark som vart slått inn i feltet.
Sjå alle måla her:
Resten av kampen vart prega av eit heimelag som prøvde og prøvde, men der Sunndal hadde god kontroll og trygga leiinga.
Fleire gode sjansar til utlikning vart skapt mot slutten. Tommy Kanishi Andreassen kom igjennom, men keeper redda. Leo Krogseth heada like utanfor. Amund Stavem la inn frå død vinkel, men Knut Stian Eik nådde akkurat ikkje fram og ballen hamna utanfor. Eirik Tomren hadde også ei avslutning etter eit frispark inn i feltet som keeper igjen fekk fista over. Aller nærast kom laget på ein corner som Kanisi heada inn i feltet til Didrik Sæter og vidare i tverrliggaren.
Første kamp etter ferien er fredag 9. august borte mot FCK.
KAMPFAKTA:
Vestnes Varfjell - Sunndal 0-3 (0-1)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 28. juni 2024 kl 19
Vestnes idrettspark, 85 tilskuarar
Mål:
0-1 (30) Petter Blekken Melkild
0-2 (50) Hudson Hammerbekk Lewis
0-3 (55) Oskar Vatten Sandvik
Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive. Assistentdommarar: Harald Vebenstad, Averøykam og Kåre Bergset, Elnesvågen
Gult kort: Lars-Helge Lien (83), Vestnes Varfjell. Oskar Vatten Sandvik (57) og Simon Kvande Kirkevåg (78), Sunndal.
Vestnes Varfjell (4-3-3): Tinus Hustad; Simon Kjørvik (Leo Krogseth 46.), Svein Erik Lange Male, Tor-Bjarne Løvik Salte, Lars-Helge Lien (Ørjan Tangen 86.) - Magnus Nerheim (Andreas Hamnes Lønset 70.), Amund Stavem (k), Tommy Kanishi Andreassen (Sverre Olgar Lindset 86.) - Elling Olafsen, Knut Stian Eik (Didrik Sæter 67.), Eirik Leao Tomren