(Vestnes Varfjell - Malmefjorden 3-3) Vestnes Varfjell skapte klart flest sjansar og var det førande laget, men heldt på å ende utan poeng i botnoppgjeret heime mot Malmefjorden fredag. Ei straffskåring av Elling Olafsen på overtid berga eitt livsviktig poeng.
Dette var ein kamp ingen av laga hadde råd til å tape, og det vart etter kvart eit drama der begge lag gav alt.
Heimelaget opna best og hadde hatt ein dobbeltsjanse ved Magnus Nerheim og Knut Stian Eik og to gode skotforsøk frå Tommy Kanishi då bortelaget tok leiinga på ein corner etter 20 minutt.
Nykommar Oscar Rekdal Misfjord viste seg fram frå start i sin sentrale midtbaneposisjon. Han hadde hatt ein fin sjanse tidleg i kampen då han var først på ballen og sette inn 1-1 like før halvtimen.
Like etter fekk gjestane ein ny corner og igjen låg ballen nota!
Heimelaget heldt fram med å skape sjansar, og Misfjord kunne blitt tomålsskårar då han heada i tverrliggaren. Returen sette Knut Stian Eik over. Presset heldt fram, men ein god Malmefjorden-målvakt hindra skåring heilt til Magnus Nerheim fekk krangla ballen over streken etter et hjørnespark fem minutt før pause. Like etter kunne Tommy Kanishi sikre leiing ved halv tid, men skotet på halv volley vart også redda av keeoer Preben Gjerdseth Lyngstad.
Andre omgang starta som den første slutta med eit solid press frå heimelaget. Elling Olafsen pressa fram ein stor sjanse då han utfodra keeper, men ballen gjekk utanfor. Tommy Kanishi og Knut Stian Eik hadde gode skotforsøk, men no var Malmefjorden-keeperen "skutt god" og tok alt.
Malmefjorden måtte sette sin lit til kontringar, og etter 62 minutt kom Bjørn Andre Monsen igjennom og sette inn 2-3. Malmefjorden hadde også ein stor sjanse like etterpå.
Men det var framleis god tid for heimelaget å få noko ut av kampen. Innbyttar Noah Johansen hadde fleire gode sjansar, mellom anna eit skot på heil volley.
Først på overtid kom utlikninga. Dommar peika på straffefeltet etter ein nedriviving i feltet. Elling Olafsen overlista Lyngstad og kampen endte 3-3.
Dermed vart det i alle fall eitt viktig poeng, sjølv om det kampen sett under eitt burde vore tre.
Neste kamp er borte mot Træff 2.
KAMPFAKTA
Vestnes Varfjell - Malmefjorden 3-3 (2-2)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 16. august 2024 kl 19
Vestnes idrettspark, 100 tilskuarar
Mål:
0-1 (20) Lars Joar Inderberg
1-1 (29) Oscar Rekdal Misfjord
1-2 (30) Joachim Alexander Malme Gjelsvik
2-2 (41) Magnus Nerheim
2-3 (62) Bjørn Andre Monsen
3-3 (90) Elling Furland Olafsen, straffespark
Dommar: Haakon Javier Tronstad (IL Valder)
Ass.dommar 1: Stig Finnøy Amdam (Sportsklubben Guard)
Ass.dommar 2: Lars Olsvik Byfuglien (Blindheim IL)
Gult kort: Oscar Rekdal Misfjord (85) og Noah Johannes Johansen (90), Vestnes Varfjell. John Kristoffer Rishaug (81) og Ragnar Sporsem (90), Malmefjorden.
Vestnes Varfjell (4.3.3):
12 Egil Dalhaug
17 Leo Villa Krogseth
23 Svein Erik Lange Male
95 Tor-Bjarne Løvik Salte
66 Lars-Helge Lien
10 Amund Stavem (k)
15 Oscar Rekdal Misfjord
80 Tommy Kanishi Andreassen
7 Elling Furland Olafsen
9 Magnus Nerheim
14 Knut Stian Eik
Innbyttarar:
18 Eirik Leao Tomren 52. min for Nerheim
27 Noah Johannes Johansen 66. min for Eik
28 Sverre Olgar Lindset 89. min for Tomren
Bildegalleri: